(Foto: Knut Arne Aarset)

Foto: Knut Arne Aarset

Moslåtten blir festspeldiktar

Arne Moslåtten i Hellbillies blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2012.

– Eg ser det som ei stor ære, seier ein overraska Moslåtten til Ivar Aasen-tunet sine nettsider.

Det er første gongen ein songlyrikar får dette oppdraget. Moslåtten blir samtidig den 19. forfattaren som er festspeldiktar.

I 2012 har Dei nynorske festspela "Songen" som tema. Dei blir arrangert i Ørsta og Volda frå torsdag 28. juni til søndag 1. juli.

Festspel om songen

– Med Moslåtten som festspeldiktar gir vi songlyrikken den plassen denne dikte- og brukskunsten fortener i norsk litteratur, seier programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding.

Dei nynorske festspela har tidlegare gjort det same med omsetjaren Tove Bakke og fleire barne- og ungdomsbokforfattarar.

– Moslåtten er ein framifrå vise- og songdiktar, song har gjort nynorsk og dialekt meir sjølvsagt, og songen spelar ei viktig rolle i samfunnet. Alt dette vil vise att i festspelprogrammet for 2012, seier Widerøe.

150 songar på dialekt og nynorsk

Festspeldiktaren ser ikkje på seg sjølv om nokon lyrikar og meiner han har meir felles med ein kryssordløysar.

– Målet mitt er å få musikken til å verke i lag med språket, seier Moslåtten.

Til saman har Arne Moslåtten dikta og gjendikta om lag 150 viser og songar. I 2008 fekk han Edvard-prisen for tekstane til Hellbillies-albumet “Spissrotgang”. Musikklæraren frå Ål i Hallingdal har spelt i mange grupper og band, like frå han var 17 år gamal. I 1990 blei han med i Hellbillies. Programmet for neste års festspel er enno ikkje heilt fastlagt.

– Publikum vil få både det dei ventar og noko som overraskar. Festspela blir ganske ulike frå år til år med så ulike festspeldiktarar som vi har, seier Åshild Widerøe.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Historisk eiendom legges ut for salg

Siste jul i Volsdalstunet

Kristtorn fra egen hage pynter tram og stue i Volsdalstunet. Etter å ha vært i familiens eie i flere hundre år pynter Mia og Ivar M. Voldsdal til sin siste jul i tunet. På nyåret legges den historiske eiendommen ut for salg.

Førjulstreff i Eik-hagen på Aspøya

Julekos med historisk sus

De gamle trehusa i Eik-hagen var pynta til jul da Fortidsminneforeningen Sunnmøre og frivillige på Aspøya inviterte til førjulstreff andre året på rad.

Lysmansjett, bord og stol tok fyr

Hos en eldre kvinne i Ålesund fikk brannvesenet slokket et branntilløp søndag kveld.

Ekornes sender årleg fleire hundre trailerlass på skip

Billigare, tryggare og meir miljøvenleg

Billigare, tryggare og miljøvennleg: Sjøtransport har vist seg å vere ei god løysing for Ekornes.