Parr får kulturpris

Forfattaren Maria Parr har vorte samanlikna både med Johanna Spyris og Astrid Lindgren. Foto: Knut Arne Aarset

Forfattaren Maria Parr får årets kulturpris i heimkommunen Vanylven.

Publisert: 17.11.2011 kl. 09:53
Endret: 17.11.2011 kl. 18:33

Det melder Vanylven kommune på sine nettsider.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Det er livsløputvalet i kommunen som har bestemt at 30-åringen frå Fiskå fortener prisen for sin litterære produksjon.

– Bøkene til Parr er omsett til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv, heiter det på nettstaden.

Kulturprisen består av 5000 kroner frå Sparebanken Møre og eit kunstverk av illustratøren Torun Hunnes frå Syltefjorden i Vanylven.

Parr debuterte med Vaffelhjarte i 2005 og for den påfølgjande boka Tonje Glimmerdal fekk ho både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen. Hausten 2011 vert NRK si dramatisering av boka Vaffelhjarte viste på TV, og forfattaren er for tida engasjert ved den vidaregåande skulen i Syvde.

På forsiden nå

Smak av gamle dager

Aktivitetsdag for rundt 200 små og store, ved Sunnmøre Museum, onsdag 22. februar. Se bildeserie

- Til Viking

Bjørn Helge Riise vil hjem til Norge når kontrakten med Fulham går ut. Ifølge TV2 har han inngått en muntlig avtale med Viking. Les mer

Smittsom sjukdom hos moskus

Fem moskuskalver på Dovrefjell avlivet på grunn av munnskurv. Sjukdommen kan smitte til mennesker. Les mer

Nattestengt på fv 63 Eidsdal - Geiranger

Fra klokka 19, onsdag, på grunn av rasfare. Les mer

Kollisjon stengte Måndalstunnelen

To menn lettere skadd. Tunnelen stengt fra rundt klokka 16.15, onsdag og i rundt halvanna time. Les mer