Ønskjer Aasen som halehelt

Norwegian har gåande ei folkerøysting om kva nordmenn og -kvinner som bør få portrettet sitt på flyhalane. No har eit knippe nynorskentusiastar engasjert seg.

- Akkurat kven som sende inn forslag om Ivar Aasen til Norwegian og Flyhalevalgkampen veit eg ikkje sikkert. Det vart diskutert på Facebook-sida til Sunnmøre Mållag, der det var stor semje om at dette var noko vi ville gjere, seier ein av entusiastane, leiar nettopp for Sunnmøre Mållag, Terje Kjøde frå Ørsta.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Tysdag oppdaga han sjøl at Aasen var nominert - då som nummer 20 på lista for Oslo (sjølv om Ivar Aasen vart fødd i Hovdebygda, budde han i Oslo i ei årrekkje, journ. merk.).

- Men etter at vi sette igang ein liten kampanje, mellom anna på e-post, har han klatra, og ligg onsdag ettermiddag på 18. plass - og pustar kong Olav i nakken, humrar Kjøde.

- Kvifor meiner de Ivar Aasen er ein verdig halehelt?

- Han fekk jo aldri flyge sjøl, ler Kjøde først, før han blir litt meir alvorleg.

- Han er jo ein av dei som verkeleg har gjort storverk her i landet, legg han til.

Les fleire kulturnyheter på smp.no

Og dei som er samde med Kjøde og dei andre om at Ivar Aasen bør få ein plass på Norwegian sine flyhalar, og vil stemme, har det travelt: Ved midnatt onsdag går nemleg fristen ut for første runde - nomineringsfasen.

Følg smp.no på Facebook



Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Norgesraidet ble stoppet på Moa

Hadde planlagt «vanntett» svindel – slik ble de avslørt

De betalte tilsynelatende med egne kredittkort og skjulte sporene sine. I løpet av få dager hadde de kofferter fulle av kostbar elektronikk, smykker og parfyme.