Finstilt balansekunst

Tynne, svarte metallstenger svaiar lett mellom kvite gallerivegger. Pust mot små balansepunkt og motorar gir liv til store bevegelege skulpturar.

  Foto: Solfrid Vartdal

  Foto: Solfrid Vartdal

Kultur

– Eg vil at noko skal skje, og vil ha litt humor og undring i kunsten. Folk skal lure på om skulpturane kan bevege seg eller ikkje. Kristine Roald Sandøy ruslar mellom verka i sommarutstillinga ho i dag opnar i Galleri Elvetun i Sykkylven.

Fritt på golvet og på montrar står fleire høgreiste, detaljrike skulpturar, forma i tynne liner. Lufttrykket av kunstnaren, og ein sensorstyrt motor får rørsle i skulpturane.

Eine utstillingsrommet er nesten fylt av ein stor, rund lampeskjermforma installasjon av okergult stoff.

– Eg har jobba og tenkt mykje rundt temaet balanse og gravitasjonskraft til denne utstillinga. I fleire av skulpturane har eg laga eit punkt, og brukt tyngdekrafta til å få den både i balanse og bevegelse, fortel kunstnaren i det ho passerer skulpturar som luftdraget får til å svaie lett.

Blir sett

29-åringen frå Vigra avslutta i fjor masterstudiet ved Kunsthøgskolen i Oslo med fordjuping i metall.

Kristine Roald Sandøy er allereie blitt lagt merke til med sine kinetiske balanseskulpturar. Dei har endra seg frå å bli bygd opp av gjenbruk av gamle ting, til reinare liner og rolegare uttrykk.

Dei bevegelege skulpturane har ført henne til både Kina, USA, Israel og fleire europeiske land saman med kunstnargruppa. Her til lands har ho delteke i fleire kollektivutstillingar,- og no er ho aktuell med sin første separatutstilling.

– Spanande, og litt skumment å stille ut åleine, seier ho.

Viktige detaljar

– Det er detaljane som tel. Skulpturane mine treng masse luft rundt seg, for at dei skal bli synlege, påpeikar Kristine Roald Sandøy og trekkjer fram skulpturen «Blown away» som eksempel på det.

Den består av eit vinglas, og ein liten messingbit hengande i ein syltynn tråd, festa til kvar si tynne metallstong.

– Slik står dei og bevegar seg og leikar seg med kvarandre, ler kunstnaren.

Leika seg, og jobba beinhardt har ho gjort fram mot denne.

– Det ligg utruleg mykje prøving og feiling bak å få til desse rørslene og små balansepunkta, fortel ho.

Mykje jobbing siste dagane har ho og hatt med å sy den store, gule installasjonen.

– Dei pompøse, overpynta lampeskjermane mormor sydde har alltid fascinert meg. Eg har lenge hatt ein draum om å lag ein slags abstrakt lampeskjerm, seier ho og gir den ein dytt.

På eit lite punkt balanserer den fint i rommet.