– Eg bruker trekk frå mitt eige liv, lyg litt, legg på litt og trekk ifrå litt. Og til slutt veit eg knapt kva som er ekte og kva som er dikta, ler Rønnaug Kleiva på ei litt skurrande telefonlinje frå London.

No er ho nemleg på reise igjen, som så ofte før. For Rønnaug Kleiva elskar å reise. Det gjer òg hovudpersonen i den nye boka hennar, romanen «Armenia, Albania, Argentina».

– Eg forelska meg i tittelen først og måtte finne innhaldet etterpå.

Åleine

Kleiva hadde likevel mykje å ta tak i, frå sine eigne reiser, då ho skulle byrje å skrive.

– Eg hadde vore i alle landa før, fortel Kleiva.

I likskap med sine eigne reiser, dreg romanfiguren åleine ut i verda, utanfor allfarveg, i søken etter selskap frå andre reisande og fastbuande dit ho kjem.

– Dei siste åra har eg vore på reise rundt to månader i året. Mesteparten av tida reiser eg åleine. Det er heilt bevisst, sjølvsagt. Når ein reiser utan selskap blir ein automatisk utadvendt. Dessutan får ein bestemme alt sjølv, seier Kleiva, igjen med ein liten latter.

Eit anna likskapstrekk mellom ho og romanfiguren hennar er sjølvstende.

– Er det ikkje risikabelt å reise slik, streifande og einsam?

– Det kan det vere, men eg bruker vet, forsikrar ho.

Gammal

Likevel kan Kleiva rett som det er bli med folk ho treff heim til dei om dei inviterer til det. Det gjer også Rønnaug i boka.

Eit grep Kleiva tok for at dette ikkje skulle bli for farleg for romanfiguren, var å gjere ho til ei «gammal dame».

– Eg har sett for meg at ho er like gammal som deg, og som 61-åring kan du vel ikkje kallast gammal?

– Det er ein definisjonssak. Eg fortel heller ikkje alderen til Rønnaug eksakt. Men ho måtte vere ei eldre dame, rett og slett fordi verda møter ei eldre dame på ein annen måte enn ei yngre dame eller ein mann.

Bevisst

Nettopp dette med alder er eit sentralt tema i boka - å eldast og å dø. Kleiva er ikkje redd for verken det eine eller det andre.

– Om ein tar innover seg at tida igjen ikkje er så lang, blir ein meir bevisst på å leve. Reisene er ein del av det, òg, seier Kleiva.

Ting tyder på at Kleiva er inne på noko, for meldingane av den nye boka har stort sett vore særs gode.

– Veldig kjekt, seier ho, klar på at mykje erfaring ikkje gjer gleda med positiv tilbakemelding mindre.

Les fleirekulturnyheiter på smp.no