BOK: «Darwins sporvar» er tittelen på Marit Kaldhol sin nyaste roman. Personane i boka opplever svik, og freistar å finne sine måtar å handtere det på. – Når ein vert sviken, har ein behov for at noko nytt skal kome. Sjølv store tap kan erstattast, meiner forfattaren. ARKIVFOTO: IRIS ENGEN SKADAL

BOK: «Darwins sporvar» er tittelen på Marit Kaldhol sin nyaste roman. Personane i boka opplever svik, og freistar å finne sine måtar å handtere det på. – Når ein vert sviken, har ein behov for at noko nytt skal kome. Sjølv store tap kan erstattast, meiner forfattaren. ARKIVFOTO: IRIS ENGEN SKADAL

Når mor svik barnet sitt

Å bli forlaten av si eiga mor er kan hende det største svik eit barn kan oppleve. Det hindrar ikkje Marit Kaldhol i å ta opp temaet i si nyaste bok. Tvert i mot. Det skal lugge.

– Fedrar kan vere fråverande eller forsvinne, men mødrer skal ikkje gjere det. I vår kultur skal mor vere på plass. Ho skal ikkje dra frå barnet sitt, seier Marit Kaldhol.

Svik

«Eg flykta/Eg var ikkje mor/Eg var drypande kjetting utan feste». I forfattarens nyaste bok «Darwins sporvar» fortel Kaldhol om ei mor som gjer nettopp det utenkjelege. Ho forlet dottera si Sally.

– Det kjennest som eit farleg tema å pirke borti, seier Kaldhol. Men det er ikkje berre dottera i romanen som kjenner seg sviken. Også mora føler seg avvist av mannen ho elskar. Mannen er heller ikkje skåna for å kjenne på det å miste noko. Dei tre karakterane opplever alle djupe tap.

– Eg gir lesaren mange signal om kva som skjer, men eg skriv ope og gir lesaren i oppgåve å sjølv fylle ut dei opne romma.

Tittelen «Darwins sporvar» kom tidleg i skriveprosessen. Den konkurrerte lenge med fleire titlar, men overlevde. Kvardagsfuglen sporven fortonar seg som eit lite, verjelaust vesen som trippar rundt. Orda kampen for tilværet er det første som dukkar opp i samband med Darwin. Nøktern og vitskapleg, men samstundes så open at den vonleg triggar lesaren.

Lugge

Som i mange av hennar bøker er det å bli forlaten eit gjennomgangstema. Utfordringa til karakterane i den nyleg utgivne romanen, er å forstå situasjonen og finne måtar å leve vidare på.

Bokomslaget signaliserer at ting ikkje er i balanse. At noko er i ferd med å drive bort frå kvarandre.

– Full harmoni er ikkje så interessant - då vert ein ferdig med boka så snart ho er lest. Ein tekst må utfordre, både gjennom språket og forteljinga.

Etter 24 utgivingar i løpet av 30 år, har ho eit godt grunnlag å dra den slutninga ut i frå.

Torsdag pakkar ho romanen i veska, og stikk innover til Hovdebygda. I godt selskap med veteranane Kjartan Fløgstad og Rønnaug Kleiva, samt lyrikkdebutant Kaisa Aglen, deltek ho på boknatt i Aasen-tunet.

Produktiv

For lesarane er boka spelande ny. Forfattaren sjølv har i grunnen vore ferdig med henne lenge.

– Eg er langt inne i neste bok, eg, fortel Kaldhol. Ho kjenner seg privilegert. Over at det ikkje har gått tomt enno.

– Kan vi driste oss til å spørje kva neste bok handlar om?

– Ja, men eg kan ikkje svare, seier Kaldhol. Småflirande fortel ho om kommentaren frå ei venninne. Om at ho er inne i ein «naturvitskapleg periode».

I ungdomsromanen «søkeord: ayotzintli» frå 2010 er hovudpersonen oppteken av truga havskilpadder. I si nyaste bok sneiar ho innom darwinske termar.

– Eg kan seie såpass at eg kjem til å halde meg innanfor zoologien i mi neste bok. Men det er menneskelege relasjonar det handlar om, forsikrar Kaldhol.

 

Disqus
Siste nyheter

Vigrasenderen klar for NRK1

Dokumentarfilmen om Vigramasta og Vigrasenderen viser på NRK denne uka.

Barneteatret Vårt nominert til prestisjepris

Barneteatret Vårt i Ålesund er nominert i to klasser til den mest prestisjetunge utmerkelsen i norsk teaterliv, Heddaprisen.

Premiere fredag 24. mai:

Fast & Furious 6

50 Cent til Jugendfest

Rap-ikonet 50 Cent er headliner på sommerens Jugendfest.

Premiere fredag 24. mai:

Den store Gatsby

Millionene ruller i breddeidretten

Volda har handballproffer, Bergsøy portugisisk trener og Brattvåg topper laget med spillere fra Allsvenskan.

Ungt på Innotown

Åtte videregående elever får gratisbilletter på innovasjonskonferanse.

Vårslepp for ÅST

Langt flere arrangerte turer nå når snøen er borte.

Sunnmørsk hjelp i Latvia

Baltikumhjelpa med utspring på Søre Sunnmøre støttar familiar, barneheimar og aldersheim i Latvia.

Sammendrag: Aalesund - Odd Grenland

Se høydepunktene fra kampen mellom AaFK og Odd Grenland.

Volstad vil hente 275 mill i obligasjonslån

De to siste årene har vært våre to beste, sier Volstad Shipping og ønsker å ta opp mer lån.