Musikk. – Ho sat og lærte meg melodien med nynning og mumling, på det ho meinte læt som norsk. Så bad ho meg skrive teksten slik eg høyrte han. Det vart relativt abstrakt, seier Egil Olsen.

Det spesielle samarbeidet med artisten Yoko Kanno blir til lydsporet på filmen «Pedaldance», som har premiere i Japan våren 2013.

Følg smp.no på Facebook

Ord som ikkje finst

Kanno er kjend for musikken til store animasjonsfilmar som Ghost in the Shell og Porco Rosso. Til dramafilmen «Pedaldance» spelte ho inn musikken i Rainbow studios i Oslo.

– I teksten er norske ord som «kråke» og «jenta mi», og så nokre ord som kanskje ikkje finst, men som høyrest nynorske ut, seier Olsen, som meiner at resultatet kan samanliknast med Sigur Ros sitt islandsk-klingande, abstrakte språk.

Japan-selskap

Det er ikkje heilt tilfeldig at Olsen vart plukka ut til oppdraget.

Dei to har samarbeida fleire gonger før, mellom anna med musikken til reklamar for Google og ei japansk kleskjede. Første gong dei møttest var gjennom Olsen sitt vesle japanske plateselskap.

Eit selskap som så langt ikkje har gitt enormt sal eller stjernestatus i Japan, men som gir ut Olsen sine plater jamt og trutt.

Kva skjer: Sjekk kulturkalendaren på smp.no

– Meir forretningsmann

– Eigaren er stor fan, og gjer det mest av eiga interesse. Men i år kan det kanskje skje meir, seier Olsen.

Håpet er å få i stand ein Japan-turne i 2013. I eit tøft musikkmarknad er det artisten sjølv som må stå for leige av lydanlegg, lokale og all gjennomføring.

– Det har for så vidt blitt meir vanleg her i Oslo også. Meir og meir av risikoen ligg på artisten, og ein må vere meir forretningsmann enn før, seier Olsen.

Godt år

Einmannsbedrifta Egil Olsen har hatt eit godt 2012. Etter oppvarmingsturné for Marit Larsen på nyåret, har tilboda om spelejobbar strøyma på. Dei strekk seg godt inn i festivalsommaren 2013.

Eit luksusproblem er at det blir mindre tid til innspeling i det splitter nye studioet, i ei løe på Bøler i Oslo.

– Eg har lengta tilbake til Ørsta og drøymd om å lage studio i ei løe. Då eg innsåg at det er lenge til eg flyttar heim, fann eg like godt ei løe her, seier Olsen om studioet som er innflyttingsklart like over nyttår.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Meir samarbeid

I studioet håpar han å samle fleire av sine musikalske kjenningar til samarbeid.

– For min eigen del blir det ei ny erfaring å kunne spele inn med mange i studio samtidig, noko som truleg vil farge resultatet, kanskje legge det litt nærare liveuttrykket mitt. Til no har vi vore maksimalt to i mitt heimestudio, og då har instrumenta dunka borti kvarandre, seier Olsen, som trur det blir minst ei plate i 2013.

– Eg har ein del materiale som skil seg ut, som kanskje kan bli ei eiga plate. I tillegg håpar eg altså å få brukt tid i studio, seier Olsen, som spelar på Steinovnen i Ålesund fredag.