Det er leiaren i Sunnivakoret, Jon-Arve Trandal, som med desse orda krakteriserer koret som dette året feirar sine ti år. Jubileumsfeiringa starta allereie med nyttårskonsertar saman med Ytre Suløen Jassensemble.

Rett etter påske er dirigent Per Oddvar Hildre (Prots) og hans koristar klar for å gi publikum nye konsertopplevingar. Laurdag 6. april blir det jubileumskonsert i Selje kyrkje og dagen etter står Operahuset Nordfjord for tur.

Ynskjekonsert

– For å gjere noko ekstra til denne konserten har vi invitert Rein Alexander og Stine Hole Ulla som solistar, fortel korleiaren.

Han er svært nøgd med at koret har fått i stand samarbeidet med vinnaren av Norske Talenter 2012, og Rein Alexander som den allsidige songaren han er gjorde seg sterkt gjeldande på Stjernekamp på NRK sist haust.

– Konserten er langt på veg litt som ein ynskjekonsert, fordi medlemmene i koret har plukka ut songar som er dekkjande for repertoaret Sunnivakoret har hatt opp gjennom åra, fortel Trandal.

Han trekkjer fram både gospel, norske folketonar, latinamerikanske rytmar og fleire musikalske smakebitar henta frå Cd-en «Godbitar frå Sunnivakoret» som koret har gitt ut. Kva solistane skal framføre er hemmeleg, opplyser korleiaren.

– Men konserten blir ei flott musikalsk oppleving, det kan eg love, legg Trandal til. Under dei to jublileumskonsertane blir Sunnivakoret forsterka med Bjørnar Myhr (piano), Stein Lied (perkusjon), Svein Hunnes (bass) og fiolinistane Olga Palova og Kari Standal Pavelich.

I september reiser Sunnivakoret til New Orleans for å halde konsertar der, og seinare blir jubileumsåret avrunda med julekonsertar i heimlege trakter.

Inspirerande

Sunnivakoret er samansett av songarar frå fem–seks kor frå Selje, Vanylven, Vågsøy, Flora og enkelte sunnmørskor. I jubileumsåret har koret rundt 80 songarar.

– Heilt i starten hadde vi 120 songarar, men no har koret skrumpa litt inn. Dei aller fleste av dagens songarar har vore med frå starten av, medan nokre har slutta. Og 10–12 nye songarar har kome til i løpet av åra, fortel Jon-Arve Trandal som har sunge 2. bass i Sunnivakoret heilt frå starten av.

– Korleis har dei ti koråra vore for deg?

– Heilt fantastisk. Å ha ein kapasitet som Prots som dirigent er som å ha ein topptrenar i fotball. Ti år med Sunnivakoret, har vore ti år med inspirasjon!

Les fleirekulturnyheiter på smp.no