NRK-serien «Vaffelhjarte» vann laurdag pris under Nordisk Barne Medie Festival 2013 i Danmark. Prisen dei fekk var for beste fiksjon for barn frå 0 til 6 år.

Følg smp.no på Facebook

Den sjarmerande tv-serien vart hovudsakeleg spelt inn på Runde i Herøy, med lokale skodespelarar i hovudrollene.

Serien som vart vist på NRK barne-tv, fekk i fjor prisen for årets beste barne- eller ungdomsprogram i Norge under norske Gullruten. Den har óg vunne pris for beste fiksjonsproduksjon under ein filmfestival i Tyskland.

Serien er basert på debutboka til forfattar Maria Parr frå Vanylven. Boka vart gitt ut i 2005 og er utgitt i ein rekke land.

Les flere kulturnyheter på smp.no