Laurdag ettermiddag skin sola på Malakoff Rockfestival på Nordfjoreid, og arrangørane meldar om atbillettane er utselt.

Svelene har opna laurdagen med konsert, og Biffy Clyro,CC Cowboys og The Hives er mellom dei som står for tur.

Les også: Malakoff utsolgt

Søppelpoliti

- Vi har fått sånne klyper som vi plukkar opp søppelet med. Ein gongfann vi ein våt sokk. Det varekkelt, seier to gutar i gule vaktvester.

Av dei frivillige på Malakoff, finn ein ni år gamle Iver Flyum Bjørloog Eirik Andreas Rotihaug på seks år. Dei får hjelpe foreldra med å plukkesøppel.

- Syns dykk folk er flinke til å plukke opp etter seg?

- Nei! svarar dei bastant.

Iver har vore på Malakoff mange gongar, medan for Iver er det førstegongen.

- Det er veldig gøy her, seier dei.

Les også: Rocka i underbuksa på MalakoffSjå bildeserie frå Malakoff-starten

Ikkje auke i skadde

Røde Kors på Malakoff fortel at sjølv om det er betrakteleg fleirebesøkande på festivalen i år, er det ikkje ei auke i skadde hittil.

- Hittil har vi hatt rundt 60 skadde - og det er alt frå folk som harfått flis i fingeren til dei som er sendt med ambulanse. Det er ikkje stortmeir enn det var i fjor, fortel korpsleiar Ove Haugen i Eid Røde Kors.

Dei har fire til fem folk på festivalen til einkvar tid - nokre gongarlitt fleire på dagtid. Dei fleste som må inn til Røde Kors, er sterkt berusemenneske.

- 10-15 er sendt til legevakta, men eg har ikkje oversikt over kormange som er sendt til sjukehus, seier han.