Måndag er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd.Gåva til det norske folk på fødselsdagen, er ein musikkvideo av «Dei gamlefjelli».

I hovudrollene i det som må seiast å vere ein video laga med ein raus porsjon glimt i auget, står folk og fjell frå Vestlandet.

- «Dei gamle fjelli» er ein song som mange er glad i. Filmen er speltinn i landskapet Aasen vaks opp i, med flotte skodespelarar og songarar i allealdrar, heiter det frå prosjektleiar for Språkåret 2013, Inger Johanne Sæterbakk i ei pressemelding.

Sjå filmen øvst i denne saka.

Blir vist på flyplassar

Det at Aasen var på reise nesten heile livet sitt, ligg til grunn, når filmen på 200-årsdagen blir vist til folk som er på reise.

- Flyplassane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil visefilmen på infoskjermane sine på 200-årsdagen. På den måten får vi feira Aasender folk gjerne er i august, nemleg på ferie, seier Sæterbakk, som håpar filmenvil leve eit langt liv også etter at 200-årsfeiringa og Språkåret er ferdig.

Opptaka til filmen blei gjort i juni i år i Dale iSunnfjord, Ørsta, Volda og Stryn. Filmen er produsert av produksjonsselskapetRollo Tomasi for Språkåret 2013. Regissør er Mikal Hovland.

Frå filmen.