Rett før jul i fjor gjekk Stine Hole Ulla frå Sykkylven heilt til topps i talentkonkurransen "Norske Talenter" på TV2. Det siste året har ho brukt til å førebu debutalbumet sitt, og no er det ikkje langt unna: Første singel frå albumet, som har fått namn "Verden blir hvit", blir lagt ut for sal og strømming måndag.

Godtepose

- "Verden blir hvit" er ein godtepose av julesongar. Min favorittgodtepose, seier Ulla sjølv.

- To låtar er heilt nye. Den eine er nett "Verden blir hvit" - tittellåten på plata. Vidare er to klassiske, og så er resten tradisjonelle julesongar, fortel ho vidare.

Med sjølvskriven låt

Den andre nye låten på plata har 18-åringen skrive sjølv.

- Og det har du gjort mykje av før?

- Nei, seier ho - og ler.

- Eg har knapt skrive noko tidlegare, men i sommar var eg på skrive-camp i Sverige saman med mange andre artistar. Der grilla vi og bada - og eg skreiv altså ein julesong. "Øyeblikk" heiter den, fortel ho. Både den og "Verden blir hvit" syng ho på dialekt på albumet.

Fekk kyssesjuke

- Du har vore i julestemning store delar av året, du?

- Ja, eg har det. Fint, i grunnen, men så skjedde det noko som ikkje var like bra. Eg fekk kyssesjuke ein gong i sommar. Lenge visste eg ikkje kva det var, berre at det var eit virus.  Eg hovna opp i ansiktet og rundt augene og fekk halsbetennelse. Medisinane eg tok, såg ikkje ut til å virke. Veldig frustrerande, og på eit tidspunkt lurte eg på kva eg skulle gjere, hvis eg ikkje vart betre, fortel ho.

- Heldigvis vart eg dét til slutt, men når ein er sjuk så mange veker og ikkje får sunge, blir det akkurat som når dei som driv idrett får eit skadeavbrekk: Ein må trene seg opp att. Det har eg brukt ein del tid til, og det at eg var sjuk har også gjort at eg har måtta utsetje innspelinga av plata. Medan litt vart spelt inn i sommar, vart storparten av opptaka gjort for eit par veker sidan. Og dei to siste låtane, dei vart faktsikt spelt inn fredag denne veka, seier ho.

Kringkastingsorkesteret

- Og no er du veldig spent?

- Ja! Og det har vore mykje nervar undervegs, for berre det å få spele med Kringkastingsorkesteret er jo så stort! Etter at eg fekk høyre resultatet, blei eg litt rolegare. Rolegare - og ikkje så reint lite stolt. For eg synest det har blitt bra. No er det berre å vente - og håpe folk vil like albumet. Hvis eg kan gi dei julesteming har eg oppnådd det eg ønskte, seier ho.

I tillegg til Kringkastingsorkesteret er det også fleira andre musikarar med på debutalbumet til Stine Hole Ulla.