For knapt ei veke sidan kom Geir M. Brungot heim til Sykkylven etter eit halvt års studieopphald i den franske hovudstaden. Søndag opnar han utstillinga «Nye bilete, Paris» i Galleri Elvetun.

Fekk stipend

– Opphaldet har vore heilt fantastisk. Eg har tatt nesten 1000 fotografi, laga ferdig fire videoar og har materiale til to til, pluss at eg har tatt 200 foto til ei framsyning ei Praha-dame jobbar med, ramsar han opp. Paris-opphaldet til Brungot skuldast eit stipend han fekk frå den private stiftinga Ingrid Lindbãck Langaard, som gav han gratis livsopphald og bustad i stiftinga si leilegheit ved kunstsenteret Cite International des Arts.

Dette er andre Paris-opphaldet Geir M. Brungot har grunna økonomisk hjelp frå Langaard-stiftelsen. Første opphaldet resulterte i fotoutstillinga «Reflexion de Paris», som viste bygningar og personar som speglar seg i den blanke fasadeveggen til det franske nasjonalbiblioteket.

Hard by

Denne gongen har Brungot fotografert ved finansstrøket La Défense.

– Området er tettpakka av høghus med kalde, glatte fasadar i glas og stål. Hit gjekk eg kvar dag midt på dag, og fotograferte bygningar nedanfrå og opp, fortel kunstnaren om dei om lag 70 fotografia i serien som dekkjer ein heil vegg i utstillinga. I tillegg utgjer tre videoar, som syner folk som går i dette området, refleksen av dei og ein tiggar alle går rett forbi, det Brungot kallar «Hard city».

– Temaet er folk som kjempar for å vere synlege. Eg er skremt over kva ungdom og vaksne legg ut på Facebook og Twitter for skape blest om seg sjølv. Det er dette enorme behovet for å bli sett eg har fotografert i Paris, fortel kunstnaren som også viser ein fotoserie av landskap og folk som er tatt frå den samle plassen.

– Her har eg fotografert på La Défense morgon og kveld for å få eit heilt anna lys, og folk i bevegelse. Aldri før har eg fotografert folk på ein annan måte enn portrett. Dei to fotoseriane er to heilt ulike måtar å sjå same plassen på, seier fotokunstnaren som brukte fem månader på å finne motiva til «Hard city», og fem dagar på dei andre. Då berre spratt motiva frå La Défense fram.