18-åringen frå Sykkylven vann talentkonkurransa «Norske Talenter» på TV2 i fjor. Ho går siste året ved Sykkylven vidaregåande skule.

Kva skjer? Berre i helga kan du velje mellom nær 50 arrangement i kulturkalendaren på smp.no

Mest klassisk

For tida blir ho undervist i song av Jostein Maude, og reiser til Oslo for å ta songtimar med sopranen Solveig Kringlebotn. Pianoundervisning får ho av Askjell Molvær, som akkompagnerer henne på Scena-konserten.

– Eg syng mest klassisk musikk, fordi eg likar denne musikkstilen godt og føler at eg meistrar den. Men eg syng og musikalar og crossover-låtar. Eg har ikkje låst meg til ein sjanger, seier ho.

– Eg elskar å synge. Eg blir veldig glad av det, og får masse positiv respons frå publikum. Det gjer at eg får lyst til å halde fram med synginga.

– Kva har det å seie for deg å opptre på Scena?

– Kjempekjekt at Sunnmørsposten inviterte meg til å delta. Konserten er ein fin sjanse for å spreie songen min for eit stort publikum på nettet.

Tidlegare på Scena: Sjå Sigrid Solbakk Raabe-konsertenSjå Stig Ulv-konsertenSjå Liv Håker-konserten

Tre julefavorittar

Ho har valt tre av sine favoritt-julesongar til dagens Scena-konsert, klassikarane «Have yourself a marry little Christmas», «O, Holy Night» pluss «Verden blir kvit». Sistnemnde er tittellåten på debutalbumet Stine Hole Ulla nyleg gav ut.

– Eg kjem til å halde fram med å synge, opptre i ulike samanhengar og å ta songtimar. Ein del konsertar i 2014 er allereie booka, seier ho.

Året som er gått sidan ho vann «Norske Talenter» har vore temmeleg hektisk med mange songjobbar, særleg i Oslo og Stavanger.

– Difor kjem eg til å konsentrere meg om skulen utover våren. Det er viktig for meg å fullføre vidaregåande skikkeleg. Men eg kjem sjølvsagt og til å ta på meg songoppdrag.

Lesfleire kulturnyheiter på smp.no

<strong>Lunsjkonsert:</strong> Julesongen «Verden blir kvit» frå debutalbumet sitt, er ein av låtane Stine Hole Ulla framfører under dagens Scena-konsert med Askjell Molvær som akkompagnatør. Foto: Nils Harald Ånstad