Eigar og forvaltar av den gamle sorenskrivarbustaden Leikvin i Nordfjord, Rune Rotevatn og sambuaren Kirsten Skov Bjerre, ønskjer å samle etterkomarar av tidlegare sorenskrivarar i Nordfjord til ei grunnlovsmarkering.

– Andre som slektar frå nokon som hadde si daglege verksemd ved sorenskrivarembetet er sjølvsagt også inviterte. Dei var jo også med på å skape historia, seier Rotevatn.

Han er interessert i å kome i kontakt med etterkomarar heilt frå Peder Clausen Paust, som i 1700 var den fyrste sorenskrivar som budde på Leikvin, til den siste, Wilhelm Wahr Faret, som flytta til ny bustad i 1957.

Ifølgje Rotevatn er etterkomarane truleg spreidde over heile landet, men han veit at nokre av slektningane til mellom anna Ivar Valdemar Brøgger, Ivar Andreas Nordang og Johan Daniel Stub framleis skal finnast i nærleiken på begge sider av fylkesgrensa.

Sjå liste over alle sorenskrivarane nederst i saka.

Spesielt inviterte

Etterkommarar av sorenskrivar Johan Daniel Stub vert ønska litt ekstra velkomen. Han var den som sørgde for bygging av dagens hovudbygg, «Skrivarlåna». Ein av sønene hans, Jens Stub, var mellom dei som møtte på Eidsvoll i 1814. Han var på den tida prest på Veøy i Moldefjorden, og vart representant for Romsdals Amt.

– Vi vil gjerne at dei som kjem skal ta med seg kopiar av dagbøker, bilete eller brev, dersom dei har det. Eller berre munnlege opplysningar. Dette kan med tida kanskje danne grunnlaget for ei bok om Leikvin og soga her, fortel Rotevatn.

Arrangementet vil gå føre seg 14.–16. mars, og dei første to dagane vil vere berre for etterkommarar. Søndagen vil det vere ope for alle. Då kjem Einar Landmark for å halde foredrag om Henrik Ibsen si reise på Vestlandet i 1862.

Er sjølv etterkomar

Det var foreldra til Rune Rotevatn som kjøpte Leikvin på 70-talet. Dei renoverte huset i nært samarbeid med antikvariske myndigheiter og gjorde det om til privatbustad og eit senter for kunst, kultur og musikk.

Under renoveringa kom Inge Rotevatn over namnet I.A. Nordang som var brent inn i tømmerveggen i gruestova. Etter ei lita undersøking viste det seg at Rune Rotevatn sjølv er i slekt med Ivar Andreas Nordang. Han var opprinneleg frå Hjørundfjorden, og etter ei karriere som mellom anna advokat og ordførar i Vardø, var han sorenskrivar på Leikvin i tida 1909-1918.

Sorenskrivarar som har budd på Leikvin:

1700-1710: Peder Clausen Paust

1741 - (ukjent): Lars "Laurits" Stub

1762 - 1802: Johan Daniel Stub

1873 - 1877: Otto Blehr (konstituert sorenskriver)

1845 - 1860: Wilhelm Huitfeldt

1860 - 1871: Peter Severin Jacob Daae

1877 - 1896: Hans Ramshardt Koefoed

1896 - 1902: Christen Faye von Krogh

1902 - 1909: Ivar Valdemar Brøgger

1909 - 1918: Ivar Andreas Nordang

1918 - 1926: Anton Peter Sparre

1926 - 1936: Johannes Stenersen

1936 - 1946: Søren Caspersen

1947 - 1952: Lars Anton Danielsen

1952 - 1977: Wilhelm Wahr Faret (flytta frå Leikvin til ny bustad i 1957)

Andre som har vore sorenskrivarar:

1592, 1595: Morten Torbensen

1606, 1608: Torgels Jensen

1612 - 1632: Mauritz Jensen

1639: Jens Madsen

1640 - 1653: Iver Anchers

1653 - 1669: Søren Chrstensen Wittrup

1669 - 1682: Baltzer Sørensen

1682 - 1689: Peder Kaatte

1689 - 1700: Jacob Henrichsen

1711: Rovel Schonevig

1803 - 1809: Nils Nilsen Vogt

1809 - 1813: Jørgen Herman Vogt

1813 - 1824: Gudbrand Aamodt

1824 - 1845: Niels Raanæs Schioldager

1872 - 1876: Ole Jørgensen Richter

1977 - 1982: Rolf Utengen

1982 - 1986: Einar Tofte

1987 - : Gunnar Steintveit

Den røde sal på Leikvin.
Døren på Leikvin har tidligere tilhørt en stavkirke.
Interiør, Leikvin.
Interiør, Leikvin.