Dei siste dagane har eit produksjonsteam tråla kommunen for å finne dei rette stadane, skriv Sunnnmøringen.

- Det er utruleg vakkert her, og det kjem garantert til å visast att på filmduken, fortel Roar Uthaug som er regisør for storproduksjonen.

Les også: Tror "Bølgen" kan gi filmturist-bølge

Første norske katastrofefilm

Bølgen vert rekna for å vere den første katastrofefilmen i Norge og vil med eit budsjett 60 millionar kroner bli spekka med action og spenning.

Produksjonsselskapet har ikkje offentleggjort kven som skal spela dei viktigaste rollene, men hovudpersonen blir ein geolog som opplever dramaet når fjellpartiet Åkneset rasar ut og skaper ei kjempebølge i Storfjorden.

Dei er óg på jakt etter lokale statistar.

Les også: Reagerer på "Bølgen"-støtte

Moderne animasjonar

«Bølgen» skal etter planen få premiere på Filmestivalen i Haugesund 28. august neste år.

Regisøren seier til Sunnmøringen at denne filmen ville ha ha vore umogleg å laga her i landet for berre nokre få år sidan.

– Den tekniske revolusjonen starta med «Max Manus» og deretter «Kon-Tiki». «Bølgen» vil ta det endå eit steg vidare, seier Roar Uthaug til Sunnmøringen.

Kvaskjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no