Han speler tre av sine eigenkomponerte songar: «Wonderful day», «I long for a less lonely day» og «Misunderstood».

Sistnemnde vart skrive i hui og hast saman med faren framføre årets Ungdommens Kulturmønstring (UKM).

Familiære førebilete

Jonas Volle Åkre kjem frå ein familie med musikalske genar. Faren, Jan Gunnar Åkre, jobbar som musikklærar og spelar mellom anna i Listen To The Band. Han og dei to onklane Sondre Volle Knutsen og Kjell Ove Knutsen, kjent frå «The Voice», er dei som vert listar opp som førebilete.

– Pappa skreiv ein song til 40-årsdagen sin som var veldig stilig! Men eg trur kanskje det var han som var inspirert av meg då, for det var eg som byrja først å skrive, fortel Åkre.Det er heller ikkje så ille å ikkje gå vidare til Fylkesmønstringa under årets UKM når plassen heller går til onkel og førebilete, Sondre.

Skriv om alt

Åkre har sunge heile livet, men det er ikkje før no dei seinare åra at han byrja å spele gitar via Sula Kulturskule.

– Eg har høyrt at eg lærer fort, og har absolutt gehør, så det er ikkje alltid eg treng å øve så mykje før ting sit, forklarar den unge musikaren.

Og inspirasjonen den kan kome frå kor som helst.

– Ein dag eg sykla til trening kom eg på setninga «Can feel the wind blow in my hair», då eg kom forbi Veddefabrikken kom neste setning: «I can feel the magic in the air». Det vart starten på «Wonderful day», fortel Åkre.

Han skriv også om eigne erfaringar.

– «Misunderstood» handlar om å ikkje passe inn i samfunnet. Eg var ein av dei som følte seg litt aleine på barneskulen, men det betra seg når eg byrja på ungdomsskulen.

Vil bli kjend

Jonas Volle Åkre har ambisjonane klare:

– Eg vil leve av musikken min og bli ein berømt person her til lands, seier han.

For å få til dette har Jonas også tenkt ut ein plan.

– Denne konserten er første steg. Så skal eg melde meg på talentkonkurransar også.

– Kvar ser du deg sjølv om 10–15 år?

– Då har eg stifta familie og jobbar på ein eller annan måte med musikk. Kanskje i eit studio, som lærar, eller så har eg ei profesjonell karriere, seier Åkre.

– Eg har iallfall eit bra liv, legg han til.