Sparebanken Møre gav nyleg to millionar kroner til byggeprosjektet på Alnes. Dermed er 14 av dei 16,4 millionane prosjektet er kostnadsrekna til i boks.

– Besøkssenteret og kulturbygget på Alnes blir eit kjempeflott signalbygg. Det blir nesten usynleg slik det blir plassert i terrenget, men vi ser på det som ein bauta i kulturell samanheng. Vi går inn i dette prosjektet fordi det er i tråd med banken sitt samfunnsengasjement, seier banksjef Arve Røyset.

Han ser på besøkssenteret og kulturbygget som eit viktig tilbod ikkje berre for lokalbefolkninga på Giske, men for heile Møre og Romsdal.

Følg smp.no på Facebook

– Kjennest godt

– Pengane frå Sparebanken gjer at prosjektet så å seie er fullfinansiert, og sikrar at bygget blir røyst. Det kjennest godt å endeleg ha kome i mål etter mange års arbeid og mange utfordringar. Fordi planleggingsprosessen har tatt lang tid, blir resultatet endå betre. No får vi eit bygg som er nesten usynleg i terrenget, og dermed tek vare på særeigne kyst- og kulturlandskapet på Alnes, seier Are Opdahl.

Han fortel at det no blir jobba med å få private aktørar til å gå inn med resten av pengane som trengst.

– Ettersom det nye bygget har nær tilknyting til havet og Alnes Fyr ser vi det som naturleg at aktørane vi knyter til oss har maritim tilknyting, seier Are Opdahl som trur det vil gå greitt å skaffe dei 2, 4 millionane som manglar.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Opning hausten 2015

Giske kommune har vedteke å bidra med 6 millionar kroner. Den same summen har fylkestinget i Møre og Romsdal vedteke å løyve til bygginga av besøkssenteret og kulturbygget på Alnes.

– Byggestart blir 1. september. Med ei byggetid på tolv månader, er bygget klart til opning hausten 2015. Dette blir eit spanande fleirbruksbygg som skal fungere som servicebygg for besøkjande ved fyret, og ikkje minst som kulturbygg med rom for kunstutstillingar, konsertar, bryllaup og andre arrangement, seier styreleiaren og legg til:

– Med ei bygning på 730 kvadratmeter til 16, 5 millionar kroner, meiner eg vi får mykje for pengane her på Alnes.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Merknader kan forsinke

– Vi jobbar for byggestart til hausten, men det har kome inn merknader til å gi dispensasjon frå reguleringsplanen på Alnes. Det er usikkert om merknadene gjer at byggestarten må utsetjast. Merknadene må handsamast, og om dispensasjonssøknaden ikkje går gjennom i kommunestyret, må ein vente på at ny reguleringsplan blir vedteke. Det kan ta tid.

Det seier teknisk sjef i Giske kommune Olav Megrund, om byggeprosjektet Giske kommune er byggherre for.

Han opplyser at reguleringsplanen som gjer det muleg å bygge Alnes besøkssenter og kulturbygg, vart oppheva av fylkesmannen like før jul 2013.

– Kva skjer vidare med reguleringssaka?

– I første omgang skal arkitekten greie ut merknadene, og så stå som ansvarleg søkjar om dispensasjon til Giske kommune. I neste omgang kjem dispensasjonssøknaden opp som byggesak i kommunen.Teknisk sjef Megrund opplyser at kommunen er i gang med å prosjektere Alnes besøkssenter og kulturbygg.