Malakoff Rockfestival har ei fullstendig artistliste klar.

Jarle Bernhoft står på artistlista. Etter braksuksess med  sitt første album og to spellemannprisar, har han jobba mykje utanlands. Han har også ei soloplate i sekken på Malakoff.

Humor- og showduoen Ylvis, Vegard og Bård Ylvisåker,  har også musikalske kvalitetar, opplyser festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. Ylvis skal for øvrig også opptre på Moldejazz.

Indierockarane Highasakite, med frontfigur Ingrid Helene Håvik frå Ålesund, har fått ein del blest. Bandet toppa Time Magazine si liste over band på prestisjefestivalen South by South West tidlegare i år.

Den lisje, store svensken Timbuktu er ein av broderfolkets mest populære representant her til lands. Trønderane i Johndoe er tilbake.

Og folkemusikaren Sigrid Moldestad frå Breim har gått i retning roots-/countrymusikk.

- Det likte vi i Malakoff veldig godt. Sjølvsagt inviterte vi ho til årets Malakoff, opplyser festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

I tillegg opptrer: The Bots (US),  The Bronx (US), Carnival Kids, Dropkick Murphys (US), Hedvig Mollestad Trio, Karpe Diem, Kåre & The Cavemen, Mastodon (US), Monica Heldal, Opeth (S), Oslo Ess, Sivert Høyem, Skambankt, Stein Torleif Bjella, Svelekameratane, Vintage Trouble(Us).

Lokale artistar frå Nordfjordeid deltar også: Boka, Line, Tripod, Odd-Erik Lothe, Silje Søgnesand, Håvard Endal Husevåg, Ronny Brede Aase.

Det amerikanske bandet Mastodon. Pressefoto
Dropkick Murphys (US).
The Bots (US).