Dei to neste vekene blir McDonald›s-restauranten på Moa Gård nemleg utan sin mest musikalske burgarflippar. Fredag morgon reiser nemleg Victoria Frostad (22) til Orlando i Florida som Norges bidrag til «The voice of McDonald’s».

– Det å få reise til Amerika for å syngje er i seg sjølv ein draum som blir verkelegheit, fortel Victoria.

Følg smp.no på Facebook

Kjempar mot 15 andre

Då ho var lita jente var ho litt fornærma på mor si fordi ho ikkje var fødd i USA.

– Eg kunne syngje før eg prata, og det er jo i Amerika alle stjernene er, seier Victoria.

Saman med tre andre frå Europa, og totalt 16 deltakarar frå heile verda, skal ho kjempe om sigeren i sangkonkurransen McDonald’s arrangerer for sine om lag to millionar tilsette.

– Eg synest det er vakkert at dei gjer dette for oss. Eg føler at vi som jobbar på McDonald’s vert sett litt ned på, men dette viser at denne jobben er så mykje meir, seier 22-åringen

Ho har jobba i restauranten i fem år. Med seg over Atlanteren får ho med seg ein kollega.

Les flere kulturnyheter på smp.no

Pengepremie

For å komme så langt i konkurransen som ho no har, måtte Victoria til London for å kjempe om ein av fire Europa-plassar.

– I USA skal det først bli kåra ein vinnar blant oss frå Europa, før den store finalen der ein vinn heile greia, fortel ho.

Førstepremien er på 25.000 dollar og truleg meir til.

– Det er klart eg har sjanse til å vinne, men opplevinga er det viktigaste. Det er dette eg har drøymt om på barnerommet i Ålesund, fortel songfuglen.

Høyr Victoria synge her (ekstern lenke)

15.000 i salen

Trass over 20 år med interesse for song, er det stort sett familie og kollegaer som har vore Victoria sitt publikum.

– Eg vert kjempenervøs. Eg må øve til songen sit, så eg kan han i blinde.

Finalistane vert akkompagnert av orkester, og fram til semifinalen 28. april skal deltakarane gjennom timar med songtrening.

Aldri før har ein norsk deltakar kome så langt i den årlege tevlinga, som kjem til å ha 15.000 publikummarar i finalen. Dei siste dagane går med til førebuingar.

– Eg må trene på å vere sjølvsikker, og så skal eg sy kjolen som er sceneantrekket mitt. Eg er førebudd på ei sydenpåske i Florida, med mykje jobb, seier Victoria.