– Dette er perfekt. Eg har vore her i fire månader no, og dette er første gong eg er i ein norsk heim, seier Michal Balaz frå Slovakia, ein av studentane som langfredag besøkte Caroline og Ole Morten Erviksæter i Kjølsdalen i Eid kommune.

Høgskulen i Volda har i år eit opplegg for at utanlandske studentar skal bli kjende med norske folk og påsketradisjonar. Rundt 20 studentar deltek.

Høgtider

Caroline Erviksæter er sjølv frå Stockholm. Ho har tidlegare budd både i USA, England og Tyskland. No er ho deltidsstudent i Volda, og det var slik ho fekk vite om opplegget.

– Eg veit at det var einsamt i høgtidene, og eg har sjølv opplevd å bli «adoptert bort» på denne måten, fortel Caroline som minnest at det var kjekt å få aktivitetar på slike dagar.

Sjølv har ho ikkje nokon spesielle mattradisjonar knytt til påska, men dette er annleis for Ole Morten som gjerne dyrkar det enkle liv på hytta:

– Eg tenkte posesuppe, hermetikk, Joikakaker og spaghetti, smiler han og legg til at også kvikklunsj og appelsinar høyrer med blant påsketradisjonane.

Dei kjem likevel til at kaldtbord, med blant anna egg, spekemat, salat og lammekjøt frå eigne sauer, er norsk tradisjonsmat som er mykje brukt.Studentane som er frå Slovakia, Tyskland og Romania fortel om sine eigne tradisjonar. Dei fortel både om sterke kyrkjelege tradisjonar og mattradisjonar.

Lucian Macovei fortel at biskopen i den ortodokse kyrkja i Romania, kjem med lys frå Jerusalem. Lyset blir så spreidd ut i landet og sett på gravene.

Vatn

Og i den austlege delen av Slovakia har dei ein gammal tradisjon, der mennene skvettar vatn på kvinnene 2. påskedag.

– Det er «crazy», men venninnene mine seier dei likar det. Dei klagar litt på at dei blir våte, men det blir akseptert fordi det er tradisjon, smiler Michal Balaz som fortel at skikken skal gi god helse og venleik.

– Og no har vi fått ein ny påsketradisjon her med å ta inn utanlandske folk, seier Caroline.

– Eller kanskje vi skal ta opp tradisjonen med vatnet, smiler Ole Morten.