– No er vi fullbooka med artistar, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid.

Jarle Bernhoft står på artistlista. Etter braksuksess med sitt første album og to spellemannprisar, har han jobba mykje utanlands. Bernhoft har også ei soloplate i sekken på Malakoff.

Indierock og roots

Indierockarane Highasakite, med frontfigur Ingrid Helene Håvik frå Ålesund, har fått ein del blest. Bandet toppa Time Magazine si liste over band på prestisjefestivalen South by South West i Texas tidlegare i år.

Folkemusikaren Sigrid Moldestad frå Breim har gått i retning roots-/countrymusikk.– Det likte vi i Malakoff veldig godt. Sjølvsagt inviterte vi ho til årets Malakoff, opplyser festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Også lokale

Lokale artistar frå Nordfjordeid deltek også: Boka, Line, Tripod, Odd-Erik Lothe, Silje Søgnesand, Håvard Endal Husevåg, Ronny Brede Aase.

Elles er trønderane i Johndoe tilbake.Den vesle, store svensken Timbuktu kjem også.I tillegg opptrer: The Bots (US), The Bronx (US), Carnival Kids, Dropkick Murphys (US), Hedvig Mollestad Trio, Karpe Diem, Kåre & The Cavemen, Mastodon (US), Monica Heldal, Opeth (S), Oslo Ess, Sivert Høyem, Skambankt, Stein Torleif Bjella, Svelekameratane, Vintage Trouble (Us).