Sæbø, Urke og Øye blir klipt saman til ei fiktiv sunnmørsbygd når tyske filmskaparar kjem på besøk i sommar. Scener til filmen "Age of The Earth" skal spelast inn frå 10. juni til 10. juli i år, melder avisa Mørenytt.

Filmen handlar om ein geolog som reiser frå Oslo til bygda "Marifjord". Her oppstår det romantikk med den lokale ekspedisjonsleiaren Birthe.

Statistar til redningsteneste

Den lokale samarbeidspartnaren til tyske Studio Hamburg er Frost Media i Ørsta. Dei treng no lokale statistar til filmen.

– Vi er på jakt etter mellom 20 og 30 personar som kan vere statistar i ein redningsteneste. I tillegg er det nokre andre mindre, men viktige statistroller, seier produksjonskoordinator Gustav Nyquist i Frost Media til Mørenytt.

Selskapet ser etter statistar i alle aldrar opp mot femti, seier dei.

Til Norddal først

Før filmteamet på nærare femti menneske kjem til Hjørundfjorden, skal dei spele inn filmen «Below the Ice» i Norddal. Også her skal dei være ein månad, i følgje Frost media. Dei har samarbeida med det store tyske selskapet om filmar åtte gonger.