Are Pilskog får æra av å åpne årets utgåve av Dokumentarfilmfestivalen i Volda komande onsdag kveld, ei oppgåve han deler med Volda-ordførar Arild Iversen.

Pilskog oppnådde eventyrlege sjåartal med dokumentarfilmen «Havets sølv» i fjor.

Ny dokumentar

Mesteparten av opptaka vart gjorde underhavets overflate, i silda sitt rette element - så lenge ho lever. Dokumentaren resulterte mellom anna i Bergen Internasjonale filmfestivalpris i fjor.

No er han klar med ny dokumentar, «Ishavshanda», som det naturleg nok også vert stilt høge forvetningar til. Med tema henta frå filmskaparen si desiderte heimebane.

Festver

Festivalen har opningsfest i Volda komande onsdag kveld, den 23. april, og varer til og med 27. april. Dette er den 18. festivalen i ubroten rekkefølgje i Volda. Informasjonssjef Sigrun Stenseth trur årets utgåve kan bli mellom dei beste i løpet av desse åra.

– Alt ser ut til å ligge til rette, med heile 70 ulike filmar på spelelista.

– Kanskje like viktig for festivalen som sådan, er dei gode vermeldingane utover festivalveka, seier Stenseth nøgd.

Infoansvarleg Sigrun Stenseth lovar ein fullspekka og fagleg interessant dokumentarfilmfestival i Volda, frå onsdag denne veka. Topp vermeldingar har ho også ordna... Foto: Knut Arne Aarset