«Lysleite» var nominert til Gullruten for «beste foto einkamera», som betyr at same kamera er brukt under heile filminnspelinga.

Filmen er ei reise i lys og natur frå Vestlandet til Vesterålen. Undervegs møter han folk som lever og andar for lyset i mørketida.

Reist mykje rundt

Tor Sivertstøl har i mange år jobba som fotograf for NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

I «Lysleite» har han møtt menneske som finn kreativitet i den mørke årstida, mellom anna kunstmålar Ørnulf Opdahl på Sunnmøre.

Filmen har òg spesialskrive musikk av komponist og songparet Sylvia Strand frå Ulsteinvik og Jonathan Gregory, begge busette i Wales.

Stor stas

- Eg må innrømme at eg ikkje hadde forventa å vinne dette. Det var veldig stas berre å vere nominert, seier Sivertstøl etter å ha mottatt prisen på Chat Noir i Oslo.

Det var tre produksjonar nominert i klassen «beste foto einkamera», mellom anna «Norske naturperler» med fotograf Arne Nævra, og «Gamle helter» med fotograf Christer Fasmer - i tillegg til «Lysleite».

- Berre det å stå på pallen med denne gjengen er eg veldig nøgd med, seier Sivertstøl.

Fikk ideen på tur

Ifølgje filmfotografen kom idéen til «Lysleite» under innspelinga av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

- Eg har reist rundt i Norge i mange år og ideen kom langs med det. Det er eit fantastisk lys i mørketida, seier Sivertstøl.

Reisa begynte på Sunnmøre og turen gjekk vidare til Lofoten, Vesterålen og etter kvart Trøndelag. Her møtte filmteamet i Tindefilm AS ei rekke interessante folk, ifølgje Sivertstøl.

Mellom anna møtte teamet Gry Molvær i Trøndelag. Ho er kunstfotograf frå Sula.

- Korleis skal prisen feirast?

- Eg må innrømme at eg er dårleg på å feire. Eg er mest glad i å "vase" rundt etter kameraet mitt, men eg kan seie så mykje som at vi kjem til å kose oss, flira Sivertstøl på telefon frå Oslo.