Dei fire musikarane i Fjord & Fjell er ein del av Møremusikarane.

Det er ei profesjonell musikarordning i regi av Møre og Romsdal fylke, som skal sikre gode musikktenester til kulturlivet.

– 50 prosent av jobben består av undervisning ved kulturskulane i fylket. Elles reiser vi rundt og held mellom anna konsertar, kurs og seminar, fortel Peter Wergeni som spelar saksofon, klarinett og fløyte.

Saman med Øystein Sandbukt på gitar, Audun Skorgen på bass og Jo Inge Nes på trommer, utgjer dei det fylkestilsette bandet Fjord & Fjell.

– Det er jo draumejobben. Å få halde på med det ein har lyst til, spele musikk, og ha fast jobb, seier Wergeni.

Jubileum

I fjor kom plate nummer to, «Sneis», i samband med 20-årsjubileet til gruppa.

– Eit sneis betyr 20, forklarar Wergeni.

Gruppa har hatt nokre utskiftingar opp gjennom åra, men Sandbukt og Nes har vore med frå starten av. Wergeni kom inn to år etter og i 2008 kom Skorgen.

Musikken dei spelar er ei god blanding av sjangrane dei forskjellige bandmedlemmene har bakgrunn frå.

– Audun og eg har studert jazz, Øystein har studert folkemusikk, i tillegg har han og Jo Inge spelt mykje rock, så det er element frå alle desse tre sjangrane i musikken vi lagar, seier Wergeni.

På Scena i dag spelar dei tre eigenkomponerte songar: «A one, two, three», «Aalesund», om å vandre roleg gjennom byens gater, og «Sneis» som får det til å rykkje i dansefoten.

Arbeidsplasskonsertar

For tida er bandet mest opptekne med å halde arbeidsplasskonsertar. Gjerne på utradisjonelle plassar som for eksempel eit lager.

I haust spelte dei mellom anna for dei tilsette ved alle sjukehusa i fylket.

– Vi har eit spesielt oppsett på desse konsertane. Vi står i ring og spelar, medan publikum står rundt. Det gjer at dei kjem veldig tett på og får ei anna oppleving, forklarar Wergeni.

Se tidligere lunsjkonserter her:

<strong>Fjord & Fjell:</strong> Øystein Sandbukt, gitar, Audun Skorgen, bass, Peter Wergeni, saksofon, og Jo Inge Nes, trommer, spelar eigen musikk som har element av både jazz, rock og folkemusikk. Foto: Nils Harald Ånstad