Salen på Ivar Aasen-tunet er full, og framme står Karl Arne Utegård og held opningstalen. Utgård var den første som fekk tildelt prisen som Årets nynorskbrukar i 2000. Han var samstundes den første høgsterettsdommaren som nyttar nynorsk, og med dette ein høveleg talar for kvelden.- Språk er makt, og dei som meistrar språket har makt, fortel Utgård i talen sin.

Han held fram med å oppmuntre nynorskmiljøet til å arbeide for nynorsken, slik at vi held fram med å bruke den sjølv når ein er ferdig på skule.

Nynorsk grunnlov

Ein kan ikkje sjå vekk ifrå grunnlovsjubileet under Festspela, og Utgård er sjølv sikker i si sak.

- Den nynorske grunnlova er ein inspirasjon for dei som nyttar nynorsken, og eg tykkjer institusjonar også bør bli flinkare til å nytte den, seier Utgård.

Dobbel Nordstoga

Publikum fekk ein smakebit av kveldens konsert, då brørne Odd og Aasmund Nordstoga framførte ”Han liten var” og ”Våren”, begge med tekst av Aasmund O. Vinje. Men der Odd Nordstoga har laga melodi.

Brørne fekk i tillegg tildelt pris for Årets nynorskbrukar.

- Eg er veldig stolt av å vere ein ”nynorsking”. Det er so mange bra folk som har den etiketten, seier Odd Nordstoga då han og broren var overrekt bilete, blomar og ein sjekk på 100.000 kroner.

- Det finst ikkje maken til pris. Men eg må innrømme at eg ikkje brukar mange kaloriane på å halde meg til nynorsken, legg Aasmund Nordstoga til.

Festspeldiktar

Årets festspeldiktar, Agnes Ravatn, gav publikum eit utdrag frå ein roman ho arbeider med. Og ut i frå responsen opplesinga fekk, er det berre å gle seg til den er ferdig.