(Bruk piltastane for å vise bilda frå forestillinga)

«Lurivar» er ordentusiast og maskot på Ivar Aasen tunet.

Eller som dei sjølve kallar han: Ein ordsamlar av rang, som har samla på ord så lenge han kan hugse.

Kattafantastisk

Lurivar fortalde  dessutan mykje om korleis Grunnlova har blitt tyda og kva ho har hatt å seie for born.  Og den ovstore katta hadde tydeligvis også  følgd med i språkpolitikken den siste tida.

Borna verka også å synast at det var «kattafantastisk». Latteren sat i alle fall laust og skodespelaren på innsida av drakta verka nøgd etterpå.

- Det blei mykje improvisasjon, men eg trur borna likte det, sa ørstingen Maria Halseth.

«Ord-elskov»

På scena sto også vinnaren av Draumestipendet 2013, Anna Elise Vadset.

Ho er også frå Ørsta og har sommarjobb på Aasentunet.

- Tysdagar og fredager visar eg born rundt som «Lurivar», så eg fekk mange gode tips om korleis eg skal spele figuren.

Det er jo eigentleg veldig tørt det Lurivar snakkar om, men han gjer historie og språk til noko spanande, sa ho.

- Og til ein aktivitet, skyt dagens Lurivar inn. - Han samlar jo på ord. Han har jo tusenvis på tusenvis av ord og han tøyer og bøyer på dei, så eg tykker han er ein god formidlar av nynorsk og «ordelskov», sa Halset, brått lattermild over sitt eige val av ord.