- Dette var veldig gøy! seier søskena Henriette (6) og Kristoffer (8) Langva Qvenlid. Dei er frå Eiksmarka, men er på sommerferie hos mormor i Ålesund, og hadde teke seg en dagstur til Flø for å delta på kunstivalen.

Samspel

I gymsalen på Flø vart sola stengt ute så godt som råd i helga. På golvet hadde det dukka opp ein firkant, med høge master på kvart hjørne. Installasjonen vert kalla ”Alle komponerer” og er eit prosjekt i regi av Nasjonalmuseet og Apparatjik.

- Her har vore ein jamn straum med folk. Både barn, unge og vaksne, konstaterer  Jeanett Eek Jensen. Ho jobbar til dagleg ved Nasjonalmuseet og er prosjektleiar for ”Alle komponerer”.

Installasjonen er sett saman av fire høge master med ein sensor i kvar. Sensorane registrer bevegelse som igjen utløyser ein lyd.

- Ein høg person skaper andre lydar enn en lav, forklarar Jensen.

Det er fire ulike lydlandskap å velje mellom, alle med ulike instrument .

- Det er kjekt å sjå korleis barn og unge spelar saman. Dei speglar kvarandre, stoppar opp og blir einige om ei form som blir til ein komposisjon, forklarar Jensen.

- Mykje moro

Søskena Henriette og Kristoffer var begge einige om at det vart mange rare og morsame lydar ut av bevegelsane deira, men om det vart ein god song, det var dei litt usikre på.

Etter dansinga gjekk turen vidare ut i sola, der dei visste om mange fleire spanande aktivitetar dei ville delta på.

Les meir og sjå fleire bilete i måndagens utgåve av Sunnmørsposten.