Det hevdar i alle fall Arild Eidset i Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST), som skal vere turleiar på jubileumsturen «Hjørundfjorden rundt» i starten av august. ÅST fyller nemleg 125 år i år, og det skal feirast med ein skikkeleg langtur.

– Helst vil vi ha folkevandring i fjellet, med fleire hundre deltakarar. Ein treng ikkje gå alle etappane, presiserer Eidset.

Seks dagar

Turen, som tek til på Melbøsetra ved Barstad og opp Molladalen til Standalhytta på dag 1, er delt inn i seks dagsetapper av variert lengd. I høve jubileet er turen lagt innom flest muleg av ÅST sine hytter i Sunnmørsalpane, totalt ca. 10 mil som endar på Vellesetra.

– Vi har engasjert ei rekkje næringslivsaktørar som skal jobbe saman med oss. Viss det blir så mange folk at det overstig kapasitetane i turistforeininga sine hytter, så vil vi ha alternative overnattingstilbod, fortel turleiaren.

Nasjonal

Planen er at ruta, med den vri at turen ender i Hundeidvik i staden for turisthytta Velleseter, skal verte av nasjonal storleik på linje med Besseggen, Trekanten i Trollheimen, Lysefjorden rundt med fleire.

– Den er om lag 110 kilometer lang og har 3.500 høgdemeter. Vi vil at bedrifter og næringsliv skal vere med på å leggje til rette for at ruta skal bli sett på reiselivskartet, seier Eidset.

Heilskap

I første omgang er altså planen å gjere folk kjende med turen. Det skal turistforeininga gjere ved å gjete folk gjennom alpane frå 4. til 10. august.

– Det vil vere fleire aktørar saman om tur, overnatting, kultur- og sportsarrangement. For dei som ønskjer vil det vere muleg å gå innom toppar undervegs, som Jønshornet på første etappe og Dalegubben på veg til Sæbø. På «kviledagen» på Patchellhytta går vi på Slogen.

Talet på turleiarar vert justert i takt med talet påmelde på ÅST sine heimesider, og det er mellom 60 og 80 stk å ta av dersom det skulle verte naudsynt, ler Eidset, som har følgjande råd:

– Kjøp nye sko, og gå dei inn før turen. Velgåtte sko er kanskje det viktigaste. Det er ti mil å gå, og sjølv om det ikkje er høgt, bratt eller stygg ur, så vil ein merke underlaget.

Her går den 110 kilometer lange turen.