Startskotet for Naturfestivalen gjekk av i gågata i Ørsta laurdag føremiddag.

- Me ynskjer å gjere unge interessert i sykling. Samstundes er det flott at folk kan kome saman andre stader enn inne på Amfi-kjøpesenteret, sa leiar i Ørsta Sykkelklubb Erlend Andersen.

- Eg likar vampyrar fordi dei er skrekkelege

Eit trettitals born møtte opp til rittet. Nokre med ombygde syklar, andre med andletsmaling og flagrande kostymer

- Eg likar vampyrar fordi dei er skrekkelege og drikk blod, sa Vegard Høydal Skage.

Han blei nummer tre i rittet for dei eldste borna. Etter målgang ville han ikkje skulde på hoggtanngebisset for at det ikkje blei siger.

- Nei, eg pusta nett som eg ville. Eg er nøgd og eg har sett at ein får pokal om ein kjem på tredjeplass i skiskyting, sa han.

Skage fekk ikkje pokal, men vann pris for beste kostyme. Det blei også delt ut pris i kategorien «best pimpa sykkel».

Med lov til å feile

Seinare på dagen blei det servert bacalao og spelt korpsmusikk. Tradisjonen tru var det deltakarar frå Norges Musikkkorps Forbunds sommarleir som spelte.

- Norges Musikkkorps Forbund har sommarleirar over heile landet med fargekode for alle årsklassar. Dei som spelar her tilhøyrer kategori grå. Det vil seie at dei er dei eldste av dei eldste, sa dirigent Philip Hammervik.

Korpset spelte både arrangement og ensemblemusikk frå så ulike komponistar som Edward Grieg og Michael Jackson.

– Me er langt frå å vere proffe, men me har det artig i lag, sa Oddgeir Øren frå Årdal.

Han er ein av dei  som vel å bruke ei ferieveke på Sunnmøre for å spele korpsmusikk saman med uprofesjonelle framande.

– Dette er ein av dei få stadene i norsk kulturliv at vaksne kan samlas i å gjere feil, sa han.

Sommarljomkveld

Naturfestivalen varar fram til 2. august og det vil i løpet av veka bli arrangert fleire toppturar, familieturar og anna aktivitet ute.

Det vil også vere flerre kulturhendingar dei komande dagane. I kveld er det såkalla sommarljomkveld på Ørsta Kunsthus, der mellom anna den norskindiske fiolinisten Harpreet Bansal og operasongarene Karen Rosenberg Olsen og Morten Bollerud vil opptre. Det vil også vere innslag av lokale talent.