ULSTEINVIK (smp.no): Gjennom mange år harUlstein historielag og tidlegare «Spor forlag» laga julegave-klassikaren «Levdliv». Spor forlag var tidleg ute med å fornye sjangeren lokalhistoriske skriftmed utstrakt bruk av fotografi.

Populær serie

No vil historielagetog reklamebyrået Fantastiske Osberget lage dokumentarfilm ut frå eit utval avhistoriar frå den populære bokserien. Så langt dei kjenner til er dette hellersjeldan kost for historielag. Aksel Hauge frå Ulstein Historielag og MagneGrimstad jr frå Fantastiske Osberget fortel om planane i dag.

I videovindauget over, kan du sjå ein smakebit frå dokumentaren, som handlar om forliset av «Norge» i 1909. Ulukka råka Haddal hardt.

Lagar episodar

Ei redaksjonsnemnd har gått gjennom årgangane av «Levd liv» og plukka ut historier som no vert omgjort til fireminutts-filmsnuttar.

Her bruker ein historiske bilde saman med film og intervju frå notida. Ein veit også om ein del eldre film-materiale som ein håper skal bli ein del av den nye dokumentar-DVD-en.

Til saman vert «Levd liv»-filmen på ein god halvtime og medan årets utgave av boka kjem til farsdag, er filmen i vente til jul.

Aksel Hauge frå Ulstein Historielag og Magne Grimstad jr frå Fantastiske Osberget Foto: Torill Myren