– Eg undervurderte nok det tyske filmteamet ein smule. Eg ville så gjerne legge nokre av scenene til spektakulære Store Brekketind, men det er ei tøff rute og då vi fekk vind, snø og tåke måtte tyskarane melde pass.

Det fortel location manager og stand in-regissør for stunta på fjelltoppen, Eirik Vaage, i Volda-firmaet Frost Media.

Millionar av sjåarar

– I starten heitte serien «Liebe am Fjord», no har den skifta namn til «Norwegen». Det er ein populær serie, som har millionar av sjåarar på statskanalen ARD, seier Vaage.

Han har teke seg av det praktiske på fleire av produksjonane i serien. Denne gongen handlar det om to brør, Isak og Jonas. Yngstebroren bur i Ålesund, den andre i Valldal, der han driv høvleriet saman med faren, som held på å bli blind.

Følg smp.no på Facebook

Ras-tragedie

Stor er tragedien når dei to brørne legg ut på topptur og storebroren blir teken av eit snøras.

– Det tek åtte dagar før dei finn han under snøen, og filmen handlar om det som skjer desse dagane, med den desperate leitinga, og den fortvilte familien.

– Ein dose romanse er der også. Men dette er eit alvorleg drama, ikkje kjærleiks-kitsch, understrekar regissør Jörg Günler, som er ein kjend tysk tv-regissør og har hatt regien på fleire av filmane i serien.

Han har mykje godt å seie om sin faste location manager, som elles er leiar for den årlege ekstremsportfestivalen X2 i Volda, og har stor respekt for han som fjellmann.

Utslitne

Det gode vêret kom ikkje då teamet skulle filme på Store Brekketind.

– Manuset kravde eit heftig landskap, og då var Store Brekketind det beste av det beste. Den flotte Patchellhytta, basecampen vår, var ei ny oppleving for tyskarane, med utedo, henting av vatn ute og vedfyring for varme. Men vere slo ikkje til, og turen opp frå hytta blei for tøff. Vi var 45 då vi starta og 11 som fullførte, ingen av dei tyske. Dei var utslitne og overleverte kamerautstyret til oss nordmenn, fortel Vaage.

Han tok regi og filma stuntscenen på nærare 1200 meters høgde.

Hva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Kjendis-skodespelar

Henry Hübchen er ein svært akta skodespelar i Tyskland, med ei lang karriere bak seg. Her spelar han brødreparet sin far, innehavaren av høvleriet. Framleis får 66-åringen roller, om enn ikkje like mange eller like attraktive som før.

– Du veit, først får du roller som vill, unge kriminell, så kjem rollene som elskar, deretter farsrollene og så bestefarsrollene. Men eg klagar ikkje, det er vanskelegare for kvinnelege skodespelarar på min alder å få jobb, smiler Hübchen.

Under innspelinga bur han og resten av teamet på privat innkvartering i Norddal, der dei nyt stilla og den norske naturen.

Lokale statistar

15 lokale statistar er på plass under filminga i Valldal. Ei av dei er Ane Melchior frå Norddal.

– Eg er filmstudent i London, og var akkurat komen heim etter andreåret då eg fekk tilbod om å vere med her. Det er eg svært glad for, det er frykteleg kjekt å få vere med. Og ikkje minst lærerikt og spanande å sjå kva som skjer under ein slik filmproduksjon, seier Ane Melchior.

Filmteamet blir på Sunnmøre heilt til 13. juli. 12. juni skal dei starte innspelinga av drama nummer 10, «The Age of earth». Det skal handle om ein geolog som forskar på spesielle bergartar i Sunnmørsalpane.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

<strong>fiksar det meste:</strong> Eirik Vaage i Frost Media er fast location manager for Studio Hamburg når dei er på Sunnmøre. Han tek seg av alt det praktiske, og filmar litt når det trengst.