Tårene vella opp i auga mine. Eg kunne ikkje tru det. Markus stod urørleg ved sida av. Eg gjekk nokre skritt nærare. Synet som slo meg var forferdeleg. Auga hans var opne og stira ut i lause lufta. Håret hans var klissete av mørkt blod som pipla ut av eit område på hovudskallen hans. Kvalmen pressa på frå magen. «Eg meinte ikkje å skade han så mykje...», kviskra han. Både Markus og Leon var frykteleg bleike. Sinnet og redselen pressa på. «Skade han? Du drap han jo!» ropte eg forskrekka. Eg måtte halde meg så eg ikkje kasta opp. Han snudde seg brått. «Hald kjeft! Du kan ikkje seie det til nokon! Ikkje ei sjel!» sa han skremt. Han skalv. Eg kunne sjå kor redd han var. Han hadde ikkje meint å drepe han. «Vi kan ikkje halde det for oss sjølve!» protesterte eg. «Jo, det er det vi skal gjere! Viss du seier det til nokon, så får du svi!» svarte han, og eg kunne høyre alvoret i stemma hans.

«Emilie og Eirik. Det er middag!» ropte mor nedanfrå. Eg sette meg forsiktig opp i senga. Det var søndag, to dagar hadde gått sidan hendinga. Hovudet mitt surra, og eg følte meg kvalm. Eg hadde ikkje klart å roe meg ned eller sove noko sidan fredag. Eg kunne høyre veslebroren min trippe ivrig ned trappa. Då eg gjekk ut av rommet mitt fekk eg med meg at mor mi sa: «Det er så grufullt at det er ikkje til å tru! Mari sin son har tydelegvis blitt drepen! Politiet fann han i skogen. Eg skjønar ikkje korleis nokon kan drepe ein anna person slik.» Dei visste om det. Kvalmen blei berre verre, men eg måtte gå ned. Eg kunne ikkje oppføre meg annleis. Ingen måtte få vite noko.

Det var stille under middagen. Eg åt ikkje så mykje. Eg hadde ikkje hatt noko særleg appetitt sidan det skjedde. «Emilie, går det bra? Du ser ikkje så frisk ut», sa mamma bekymra. Skulle eg fortelje kva det var? Nei, eg kunne ikkje gjere det. Eg var redd. Markus var jo vennen min, var han ikkje? Det vil ikkje hjelpe nokon om eg seier det no, vil det vel? Nei, det kan eg ikkje tenke meg. «Eg har det fint. Det er berre masse stress for tida. Eg går jo på vidaregåande», sa eg. Eg håpte det var ei god nok løgn. Det såg ut som om alle rundt bordet syntest det var ei god forklaring. Eg klarte så vidt å presse fram eit lite smil.

Eg så på klokka mi som stod på nattbordet. 05:34. Det var tidleg, men eg klarte ikkje å sove uansett. Skulen starta om tre timar. Eg lista meg inn på badet og tok ein rask dusj. Eg ønskte at dusjen kunne vaske vekk alle problem, men det kunne han så klart ikkje. Problema var mine. Eg måtte sjølv finne på ein måte å løyse dei på. Eg kledde på meg og gjekk ned på kjøkkenet for å lage meg litt frukost. På ein eller annan måte klarte eg å presse ned frukosten, men han smakte dårleg. Alt var annleis. Det var ingenting eg kunne gjere for å forandre på kva som hadde hendt. Verkelegheita var slik, og ho var hard, men det som var gjort var gjort. Regnet tromma på vindauget. Eg titta ut og såg at himmelen var overskya og mørk. Så dystert ver på ein så fatal dag.

Læraren gjekk opp til tavla. Alle elevane sat heilt stille. Det var ingen som sa noko. Nokre av dei i klassa hadde tårer i auga. Ikkje alle visste det. Eg såg bort på stolen til Leon. Han var borte. For all evigheit. Han kunne aldri kome tilbake. Synet av den døde guten svei inne i hovudet mitt. Dei tomme auga hans stira meg dødt inn i ansiktet. Eg kom tilbake til verkelegheita da læraren vår starta å snakke. «Dei fleste av dykk veit sikkert allereie kva som har hendt.» Det verka som om det tok mykje energi av han å seie det. «Leon er ikkje på skulen i dag, fordi han blei funnet drepen i skogen på fredag», sa han forsiktig. Fleire av elevane brast ut i gråt. «Drapsmannen er ikkje teken, men politiet etterforskar saka. Dei kjem om ein time for å snakke om det som har hendt og for å ha ei rundspørjing. Sidan dette er ganske mykje å ta innover seg, så avslutt vi timen no, så får de eit friminutt til politiet kjem. Tenk godt over kva de vil seie.»

Eg løfta auga mine og såg rett opp på Markus. Han nikka mot døra. Eg skjønte kva han ville. Vi gjekk ut av klasserommet og fann ein plass der det ikkje var nokon i nærleiken. «Du høyrde kva han sa. Politiet kjem for å spørje oss ut. Du skal vel tilstå?» spurde eg og stira intenst inn i auga hans. Eg kunne ikkje oppføre meg normalt etter det han hadde gjort. Han blei heilt bleik. Det var nesten som om han hadde sett eit spøkelse. «Nei, er du heilt galen? Eg kan ikkje tilstå! Dei kjem til å kaste meg i fengsel. Alle kjem til å hate meg! Dessutan, det skader ikkje nokon om eg ikkje fortel at det er meg!» kveste han frustrert. Sinnet bygde seg opp i meg. Eg følte meg som ein aktiv vulkan. «Det har du ingen rett til å seie! Du veit ikkje kva det kan gjere mot andre!» freste eg forbanna. Eg høyrde bilmotorar. Vi kunne sjå nokre politibilar stoppe utanfor vindauget. Markus greip tak i genseren min og drog meg mot seg slik at eg såg han rett inn i auga. «Du vågar ikkje å seie det til dei», kviskra han med samanbitne tenner og dytta til meg. Eg klarte så vidt å halde balansen.

Vi sat i klasserommet. Det var mange politimenn som var her. Eg følte meg dårleg. Elevar blei tekne ut ein etter ein. Dei gjekk nedover klasselista. Eg merka at det snart blei min tur. Kva skulle eg gjere? Kunne eg fortelje kven det var? Ein politimann hadde sagt tidlegare at viss vi visste noko om det som hadde hendt, så hadde vi plikt til å seie det. Kom eg i det heile teke til å klare å seie det? Viss eg sa det, så ville Markus bli teken med ein gong, ville han ikkje? Eller kanskje han måtte gå fritt til dei hadde funne bevis? I så fall så vil eg ikkje seie det. Det var altfor risikabelt.

«Det må vere vanskeleg. Var du ein nær ven?» spurde dama som sat på andre sida av bordet. Eg visste ikkje kva eg skulle svare på det spørsmålet. Han hadde jo gått i klassa mi, så eg kjente han vel like godt som dei andre? Eg hadde hendene mine på låra mine. Nevane mine var knytte. Eg flytta blikket mitt ned på dei. «Alt du seier har innverknad på etterforskinga vår. Det hadde vore bra viss du kunne seie alt du kan kome på. Uansett kva det er, så vil det hjelpe oss mykje. Veit du noko?» sa ho skånsamt og pressa fram eit lite smil. Korleis kunne ho smile på ein så skjebnesvanger dag? Auga mine starta å svi. Eg kunne kjenne at halsen min tetta seg. Alle ord ho sa, skar inn i hjartet mitt, som om ein torn var gøymt inne i brystet mitt. Synet mitt blei tåkete av tårene. Eg torde ikkje å løfte blikket eingong. Stemma mi høyrdest halvkvelt og spinkel ut då eg sa: «Eg veit kven som gjorde det ...»