Med kronikken «Morsmål – nøkkelen til identitet?» sikra ho seg premien på 5.000 kroner.

– Med ei open, spørjande, kunnskapsrik og personleg tilnærming greier årets vinnar å seie noko vesentleg om tydinga av morsmål for folk si kjensle av identitet og tilhøyrsle, både til kvarandre her og no, men også til historia og fortida, seier juryleiar Marit Eikemo.

Les mer om konkurransen: Engasjement for morsmål

Stas

Ingeborg Lillestøl er nettopp ferdig med andre året på studiespesialisering ved Ulstein vidaregåande skule.

– Det var stas å vinne konkurransen, seier Ingeborg.

Ho las om konkurransen i avisa. Og sidan ho alltid har likt å skrive, tok ho utfordringa, sjølv om dette var noko heilt anna enn det ho har skrive før.

Nynorskpris til Jon Hustad: – Eg er veldig glad, men også veldig forundra

Tre finalistar

Juryen plukka ut tre vinnarbidrag som alle får fram sjølvstendige meiningar gjennom originale, tankevekkjande og reflekterande resonnement.

Andrepremien gjekk til Mathias Sørbø (18) frå Volda. Hanne Krogsæter (16) frå Longva fekk tredjepremie.