– Det handlar om livet. Om barndommen, og det å bli eldre. Livets gang, og sjølvsagt kjærleik.

Slik forklarar Lena Nymark dei nynorske jazztekstane. Ho fekk høyre om dei då ho og Jens Arne samarbeida om ein konsert i Spjelkavik kyrkje for ei tid tilbake sidan.

Hva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no

Innspelt på nokre dagar

– Han kom og viste meg ein liten bunke med tekstar. Eg syns dei var så fine, så eg spurde om han hadde spelt dei inn med nokon, fortel Lena.

Då Jens Arne svara nei på det spørsmålet, tok Lena affære. Ho var i 2014 med på Musikkprisen i regi av Momentium og kom såpass langt at ho vann tid i studio på Ocean Sound Recordings. Saman med Jens Arne Molvær, Askjell Molvær, Carlos Alberichi og Lars Martin Vik vart plata spelt inn på berre nokre dagar.

(Framhald etter biletet.)

Minikonsert: Scena er tilbake med fire konsertar som vert lagt ut på smp.no fram mot jul. Først ut er Lena Nymark (vokal), Jens Arne Molvær (klarinett), Askjell Molvær (piano) og Lars Martin Vik (kontrabass) som spelar frå plata «Utrøna» som kjem ut i januar.

– Eg var høggravid og forkjølt på den tida, så eg skal ikkje skryte på meg at det er det beste eg har sunge. Men det er ei koseleg plate som er veldig ekte, fortel Lena.

Gir ut sjølv

Plata har fått namnet «Utrøna» som er eit anna namn for sjøbris eller solgangsbris.

– «Smil» er min favoritt. Den handlar om at uansett om ein er trist og lei må ein finne det positive og smile til folk og spreie glede, forklarar Lena.

For å få nok songar til eit heilt album er det også lagt til nokre songar som allereie var omsett til norsk, som Egil Hagen sin «Høstgule blader». For å sleppe å finne eit selskap som vil gi ut plata har Lena rett og slett starta sitt eige plateselskap som ho kallar «New Field Music».

– Det er veldig mykje ein må gjere sjølv uansett. Eg syns det er veldig greitt å ha full kontroll på heile prosessen. Plata kjem for sal 29. januar og på same tid skal bandet ha sleppkonsert på seniorfestival.