– Han er den einaste eg tore å samarbeide med. Det er skummelt å skulle dele uferdige ting med andre, men Hans-Christian er grei å ha med å gjere. Iallfall av og til, seier Marit med eit lurt smil.

Det er ho som skriv musikken, medan mannen produserer og spelar inn i heimestudioet i Ørsta. Musikken er med andre ord ordentleg lokalmusikk.

Country

Marit si musikkinteresse starta på barneskulen då ho song ein solo i 2. eller 3. klasse.

– Det var første gong eg gjorde noko slikt, og vart hekta med ein gong, mimrar Marit. Allereie på slutten av barne-skulen begynte ho å skrive eigne songar. Då ho gjekk på folkehøgskule spelte ho inn sin første demo.

– Men det var først i fjor at eg klarte å bestemme meg ordentleg for sjanger. Hans-Christian er ein countrymann og spelar også i bandet Crashville. Tidlegare har han vore med i Steinar Engelbrektson Band. Då Marit såg at låtane passa inn i countrysjangeren vart valet dermed enkelt.

(Artikkelen fortsetter etter bildet.)

Marit Lystad Johansen og ektemannen Hans-Christian Humberset spelar songane «Burning gasoline», «Fly away» og «Start all over again» under fredagens minikonsert som vart spelt inn på scena i desember. Den første Ep-en, «Reaching for the stars», kom i mars i år. Debutplata er planlagd å kome neste år.

Samarbeid

Sjølv om musikken for det meste går føre seg på hobbybasis, med full jobb ved sidan av, går det med mykje tid.

– Det er ikkje alltid vi er einige i kva retning ein låt kan eller bør ta. Marit vil gjerne ha meir akustisk og enkelt preg, medan eg som produsent liker å legge på litt meir, fortel Hans-Christian.

– Vi hamnar som oftast ein stad midt i mellom, gjerne litt nærare det du vil, smiler han medan han ser på Marit.

– Men som regel blir jo songane betre fordi vi har teke den runda, legg Marit til.

Fleire konsertar

I haust har dei halde eit par konsertar i nærområdet. Dette er noko dei ønsker å gjere meir av i året som kjem.

– Eg har ingen tankar om å skulle leve av musikken, slår Marit fast.

– Det kan vere vanskeleg å få folk ut på ting, men så lenge målet er å spele musikk. og ikkje tene pengar, så får ein spelt, legg Hans-Christian til.