– Eg har sunge ein song eller to på Julerock og andre tilstellingar her ute tidlegare, men dette er første gongen eg held ein heil konsert på heimlege trakter. No var det veldig på tide, og det blir kjekt å starte vårturneen på Harøy.

Dei seier vokalist og låtskrivar Kari Harneshaug som i eit par dagar har vore heime på Harøy og øvd saman med dei fem musikarane i bandet sitt. Der har dei har rigga seg til med instrumenta sine i allrommet ved Sandøyhagen, og i formiddag heldt dei konsert for elevar og tilsette ved Harøy skule. I kveld blir det open konsert for resten av Sandøy-befolkninga.

Så dreg Harneshaug med band ut på turne, der første stopp er Terminalen i Ålesund 21. april og Kunsthallen i Trondheim dagen etter. I byrjinga av mai blir det konsert på Hamar, Bø, Oslo og Gjøvik.

Spele for unge

– Det er fint å starte turneen på Harøy. Det har gitt oss nokre fine, rolege dagar med øving og turar i fineveret, seier bandleiaren, som vel å starte turneen med å spele for skuleelevar.

– Kvifor gjer du det?

– Eg synest det er fint å kunne spele for barn og unge som sjeldan får høve til å få med seg ein heil konsert. Eg vil gjerne gi dei ei slik oppleving, seier 30-åringen, som tidlegare har halde konsert på ei rad klubbscener og store festivalar rundt om i Norge.

Nye låtar

– Kva kjem publikum til å få høyre på konserten?

– Det meste av musikken frå den tredje plata min, «We were closer to the end», som kom ut i fjor. Men vi skal også spele nokre heilt nye låtar eg har laga, fortel vokalisten, som skriv både tekst og melodi.

– Men heile bandet er med på å forme musikkbildet, fortel Harneshaug. Ho omtalar musikkstilen sin som alternativ poprock.

– Konsertane kjem til å by på variert lydbilde frå balladar til meir rocka låtar. Med eit band i ryggen gir det mogelegheit er til å brette ut musikken, og gi rom for dei fem musikarane på ulike instrument, fortel Kari Harneshaug. Ho har hausta gode omtalar for både debutplata «Early morning Memories», andreplata «7th day savior» og tredjeplata «We were closer to the end».

No er vokalisten frå Harøy klar for å ta musikken sin ut på vårturne.