(Møre-Nytt:) 400 saudehaud er tittelen på låta Farmen-Kristian har skrive for Vassendgutane. Samarbeidet mellom Kristian Krubel Djupnes og Vassendgutane vart ein reailitet då Kristian i Farmen på TV2 sist haust fortalde at han var ein ihuga fan av Vassendgutane.

Han fekk møte gjengen i frå Åmdalen, og vart med på konsert. Det vart vennskap, og han viste fram nokre skisser til ein song. «Køyr på», sa Vassendgutane, og då låten var ferdig, tende bandet med ein gong. Det vart plateinnspeling, og det vart videoinnspeling i Åmdalen.

No er videoen klar, og bandet og Farmen-Kristian fekk mellom anna eit stort oppslag i VG laurdag.

Videoen kan du sjå med å klikke på denne lenkja

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt

Vassendgutane og Farmen-Kristian storkosa seg i fjøsen i Bjørdalen. Foto: Rune Sæbønes, Møre-Nytt
Kristian Krubel Djupnes (21) syng på Åmdals-dialekt i den nye songen til Vassendgutane. Foto: Rune Sæbønes, Møre-Nytt