Låtskrivar, bassist og vokalist Sindre Aam i Vassendgutane er snart klar for slepp av låten «Metoo». Det er i den samanhengen at han i sitatet ovanfor vel å setje den ømtolige tematikken skikkeleg på spissen overfor Sunnmørsposten.

Aam fortel at han skreiv låten alt før jul i fjor, då bølgjene gjekk som krappast om «metoo».

Kan få uante konsekvensar

– Først må eg få presisere at eg synest det har vore heilt på sin plass å setje fokus på temaet seksuell trakassering, så absolutt. Mange overgrep er avdekt.

– Men så er det at du får kjensla av at det bikkar over, og at einsidig fokus dermed får nye og kanskje uante konsekvensar, meiner Aam.

– Kva tenkjer du på?

Sett gjennom skarpt skråblikk

Sindre Aam seier at enkelte har meint at Vassendgutane burde droppe denne låten.

– Det gjer meg berre endå meir sikker på at vi er på rett spor. Vassendgutane har alltid brukt mange av låtane til å kommentere ting i samfunnet.

– Med låten «Metoo» gjer vi det igjen, med det skråblikket vi meiner må til for å nyansere temaet. Og – ingen må tru at det berre er menn som trakkar over streken. Damene har sine metodar og teknikkar, viss nokon trudde anna. Her er det definitivt trong for nyansering.

– Ja, apropos, har du sett mykje tvilsamt frå scenekanten under konsertane?

Ørsta – og Rockefeller

Den som vil høyre åmdalingen sin fulle musikalske versjon av Metoo, må vente til sleppet av singelen, av alle stader på Kick Scene i Kristiansand den 20. april.

– Det var fordi vi var booka der lenge før låten vart til. Vi gjev med dette ut vår første singel nokon gong – i samband med slepp av ei ny plate, fortel Sindre Aam.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Den niande plata frå Vassendgutane kjem den 25. mai – med storstila slepp heime i Ørsta som tradisjonen er. Men denne gongen også med «etterslepp» på sjølvaste Rockefeller i Oslo.

– Det også aller første gongen, at vi slepp til og får lansere plate der, fortel Aam.

Vassendgutane: Spelar her heime på Åmdal ungdomshus. På ny plate som vert lansert 25. mai debuterer gitarist Rune Brautaset (t.h.) som låtskrivar – til stor forventning. Arkivfoto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset