Utan ein einaste note framfor seg tok symfonidebutanten og gitarstudenten Pål Andreas Foldal Aam publikum med storm over strengane. Den unge mannen frå ein gard midt i Åmdalen i Ørsta har store ambisjonar med gitaren sin – og han er no alt på veg til Frankfurt i Tyskland for endå meir gitarstudiar.

Ros frå gamlelæraren

– Du greidde deg kjempefint. Eg er skikkeleg imponert! Orda kjem frå lærar Egil Åslid ved Volda vidaregåande skule. Han var ein av Pål Aam sine tidlege læremeistrar på klassisk gitar.

– Det er verkeleg ei utfordring å vere gitarsolist på eit slikt verk – framfor eit heilt orkester, rosa ein vanlegvis streng gitarlærar…

Kom i halvsid påskekjortel

Og verket det er snakk om, det var Concierto de Aranjuez av Joaquin Rodrigo (1901 – 1999). Eitt av ikkje altfor mange verk med solist på klassisk gitar. Men ikkje desto mindre eit fyrverkeri – som også har sine linne og vare parti.

Solisten – han stilte i ein halvsid, lysegul og prikkete kjortel – han minte om påske der han kom skridande inn på arenaen.

– Blid og samarbeidsgod

Det første ein merkar seg er introduksjonen frå den spanske dirigenten Miki Campins, som omtalar Pål Aam som ein særleg blid og samarbeidsgod person. Og det subtile samarbeidet mellom dirigent og gitarist merkast frå før første anslag. Med dette stuntet, og med fleire andre komposisjonar på lista, drog Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda ein litt vågal men ikkje desto mindre vellukka vårkonsert for ein fullsett sal.

– Dette fiksa du framifrå, rosar gitarlærar Egil Åslid rett etter konserten. Foto: Knut Arne Aarset