Og festivalens travlaste mann, Wolfgang Plagge, er full av lovord om musikkforma.

– Kammermusikken er fantastisk på den måten at det føregår i mindre rom for mindre grupper. Det blir ei meir direkte kontakt med publikum, som gjer uttrykksforma meir ærleg. God kontakt blir betre, og dårleg kontakt blir dårlegare. Musikarane har ikkje to kilometer med avstand frå publikum til å beskytte seg bak, seier den internasjonalt anerkjende komponisten, som er kunstnarisk ansvarleg for festivalen.

Kammermusikk med kvalitet

Plagge skal sjølv halde fleire konsertar på festivalen, og byrjar i Kaarstadhuset i Volda på torsdag. Og det blir klassisk musikk med høg kvalitet skal vi tru festivalleiinga.

Bodskapen skal byggje på fridom, likskap og brorskap i høve grunnlovsjubileet. Og ein som ofte blir assosiert med desse tankane er Beethoven, og han har difor fått ein sentral plass i årets program.

(U)organisert lyd

Men Sunnmøre kammermusikkfestival er ikkje berre konsertar. Allereie tysdag var Plagge i gang med foredraget “Plag Plagge” der niandeklassingane ved Volda ungdomskule fekk anledning til å stille musikkspørsmål til professoren.

På onsdag skal Plagge innom Trollsletta barnehage for å snakke om musikk.

- Eg er opptatt av at borna skal få prøve seg på musikken sjølve. Dei skal prøve å få lage organisert lyd, ikkje berre uorganisert, seier Plagge medan han ler.

Det å få snakke med born og unge om assosiasjonar til musikk og formidling er for meg høgdepunktet på denne festivalen.