TNT rockar Brattvåg

Hardrockbandet TNT er trekkplaster, saman med lokale band i Ingebrigt Davik-huset. Slikt blir det rocke-mønstring av i Brattvåg i mai.

Dette blir ein stor happening. Siktemålet er å fremme dei lokale banda i Møre og Romsdal, og gje dei ei hyggestund. Som oftast øver dei for seg sjølve, men no får dei sjansen til å varme opp for eit kjempeband som TNT, seier arrangør Fredrik Johansen.

Han ser det som midt i blinken for rockemønstringa «Warning» at dei har klart å få Ronnie Le Tekrø og resten av rock/heavy metalbandet til arrangementet, og er i full gang med å organisere det som skal skje fredag 14. mai.

– Det er stort at verdskjende TNT, som har spelt på store utescener, kjem til vesle Brattvåg, seier ein strålande nøgd arrangør som har fått ei uventa utfordring.

– Folk trur ikkje det er det verkelege TNT som kjem, men eit coverband. Men det er heilt sant. TNT er booka, forsikrar Fredrik Johansen.

Lokale band
I desember 2008 vart rockemønstringa «Plekter» arrangert i Brattvåg. Då var Trondheim-bandet «Moving Oo"s» trekkplaster, og ni lokale band deltok.

– Denne gongen er planen å få til ei endå større mønstring, og med eit endå meir kjent hovudband, seier Fredrik Johansen.

Før TNT mulegvis fyller Ingebrigt Davik-huset med sine alle største hit «10 000 Lovers (in one)», skal dei lokale banda på scena.

– Til no har seks band frå Ålesund, Haram, Sula og Skodje meldt seg på, fortel arrangøren som satsar på mange fleire påmeldingar innan fristen 10. mai.

Aktiv trommis
Torbjørn Siem frå Sula er ein som gler seg til rockemønstringa i Brattvåg. 17-åringen stiller på scena i Sula-banda «Cantania» og «Maverick». Og kanskje to band til.

– Eg fekk akkurat vite at eit band frå Volda og eit frå Ålesunds-området treng tromme-slagar. Berre eg hugsar kva eg skal spele, og kjem inn på rett plass, går det greitt å spele i fire band, meiner han.

Til vanleg spelar han saman med dei andre Sula-musikarane i «Cantania» og «Maverick».

– Kva slags musikkstil er banda kjende for?

– Metal
Men eigentleg har vi ingen fast sjanger. Nokre gongar spelar vi hardt og rått, men andre gongar blir det litt meir rockevennleg. Vi fokuserer kanskje mest på ein aggressiv musikkstil for å nå ut til ungdommen, forklarer han.

– Korleis blir det å spele på rockemønstringa i Brattvåg?

– Det blir kjekt å få spele litt andre plassar enn her på Sula, slik at fleire folk får vite om oss. Ekstra stas er det at TNT også kjem. Det er eit kjempeband, meiner den 17-år gamle trommeslagaren som gjerne vil inspirere andre ungdommar til å spele i band.

– Plukk opp eit instrument, og spel i veg. Musikk er viktig for alle, oppmodar Torbjørn Siem.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Dette blir ei stor happening.

Fredrik Johansen
Leses nå
 

Tromsø - Aalesund 18.00:

Edwin Gyasi friskmelder seg selv til Tromsø-kampen:

Gyasi sto over – men AaFK-troppen friskmeldes