Rekordbesøk på Malakoff

Det var trangt om plassen foran scenen fredag kveld. Aldri før har så mange løst billett første dagen av Malakoff-festivalen.
Foto: Svein Erik Giskegjerde
Det var trangt om plassen foran scenen fredag kveld. Aldri før har så mange løst billett første dagen av Malakoff-festivalen. Foto: Svein Erik Giskegjerde

- Eventyrleg opning, stråler arrangøren etter første dag av Malakoff Rockfestival.

Publisert: 24.07.2010 kl. 10:47
Endret: 24.07.2010 kl. 14:41

– Festivalen har fått ei eventyrleg opning, seier Arnt-Ivar Naustdal, sjef for Malakoff Rockfestival.

– Dette er beste fredag i Malakoff si historie. Vi reknar med at om lag 6000 menneske har vore inne på festivalområdet i dag. Det er legendariske tal. No gler vi oss til dag nummer to.

Trass i rekordhøge besøkstal, har logistikken gått som planlagd til no.
– Vi vekslar heile tida mellom festivalscena og amfiscena, og det har gått på skinner.

Les også: Rocket i gang på Malakoff

- Likar best roleg rock

Ved effektutsalet møtte vi fredag kveld to unge jenter frå Nordfjordeid. Det var Andrea Skeide Bakke?(14) som slo av ein prat med venninna Merete Haugland (13). Dei var på festivalen heile fredagen sjølv om rock ikkje er sjangren som fristar mest.

– Det er heilt greit, men det kjem litt an på kva type rock, meinte Andrea. Ho liker best rolegare rock.

Merete nytta heile fredagen til å hjelpe til på festivalen. Ho har selt t-skjorter og andre festivaleffekter.

– Salet har vore svært bra i dag, fortalde den unge medhjelparen.

Utforsking

– Har de nokre favorittar på festivalprogrammet?

– Nei, ikkje enno, sa begge jentene.

Merete og Andrea er på Malakoff for å utforske musikk. Og før Big Bang gjekk på scena haldt Andrea ein liten knapp på dei lokale musikarane i The Pink Robots.

– Dei var flinke, meinte ho.

Laurdag står Jaga Jazzist, John Olav Nilsen & Gjengen, Skambankt og Sivert Høyem på scena. Frå Sverige kjem Bob Hund og Timbuktu - som spelar saman med Damn.

Rock er eigentleg ikkje favorittmusikken til verken Andrea Skeide Bakke eller Merete Haugland, men jentene nytta festivalen til å utforske ny musikk. Foto: Svein Eirik Giskegjerde

Relaterte artikler

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer