Frank Willy Utgård frå Sykkylven vert ny gitarist i Vassendgutane.
Endret: 31.01.2012 kl. 13:04
Turneledar Kåre Basso skriv i ei pressemelding at Utgård er ein livlig og humørfylt kar, som er rekna for å vere ein av dei argaste karane på sitt felt.
Kva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no
Musikaren som tidlegare har stått på scena med mellom anna Woodleg Odd, ser fram til å spele inn ny plate med festcountrybandet frå Ørsta.
– Meir som eit levebrød
Sykkylvingen seier at det var fleire årsaker til at han takka ja til å bli med Vassendgutane.
– Det har litt å gjere med at eg kan ha musikken litt meir som eit levebrød. Til no har det mest vore som ein hobby ved sidan av anna jobb. Og ikkje minst er det ei utfordring musikalsk sett i og med at eg har spelt mest blues og bluesrock dei siste åra, seier Utgård til smp.no.
Les fleire kulturnyheiter på smp.no
Førebels har han ikkje vore verken på øving eller på scena med ørstingane, og er difor spent på samarbeidet.
– Eg er veldig spent, og kjenner vel litt på både glede og redsel, humrar han.
Sjølv om Utgård no skal spele med Vassendgutane vil gitaristen helde fram med å spele med Woodleg Odd.
Saka held fram under videovindauget
Slepper ny plate
Vassendgutane kjem med ny plate den 10. mars og nyttar samtidig sjansen til å feire 15-årsjubileum. Både sleppefesten og jubileet finner stad på ferja mellom Oslo og Kiel denne helga.
Meir musikk: Sjå konsertopptak på smp.no
Plata vert eit samlealbum med nokre nye låtar, og Utgård skal i studio med bandet allereie onsdag. Bandet er oppsett til spelejobbar både på Bjorli, Loen og Nordfjordeid etter albumet er ute.
Måtte slutte
Ved årsskiftet vart det kjend at Leif Aase frå Sotra måtte slutte som gitarist i bandet. Manager Leif Aarseth sa då at lågare inntekter og færre spelejobbar var årsaka til at Aase måtte sparkast frå bandet.
Les også: Vassendgut må gi seg
