I Ørskogstemnet toppa 20-åringen med 245 poeng, eit resultat ho også gjentok i Gylsmyr-stemnet i Engesetdal.

Der delte ho sigeren med Malin Sæterøy frå Nesjestranda/Skaala. Også i det tredje stemnet ho vann, i Nordbygda, var poengfangsten 245.

Men Trine hadde også tid til å ta turen til stemnet i Stryn, der ho enda på ein tredjeplass.

Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.

Hobby i mange år

Trine fortel at skyting har vore hennar store hobby heilt frå 10-12-årsalderen. Overgangen til seniorprogrammet gjekk også greitt, mykje takka vere dei tre åra på NTG fordelt på Meråker og Kongsvinger. Her var skytinga hovudfag, og det vart terpa på små detaljar.

Trine har også representert Ungdomslandslaget i felt. Det var tidlegare i haust då Nordisk Meisterskap vart arrangert i Sverige. Der vart det full klaff for Trine med to individuelle medaljar, både gull og sølv.

– No går eg andre året på Lærarhøgskulen i Volda, så skytetreninga innskrenkar seg til lokale stemne i helgane, fortel Trine Ramsvik Stette.

Andre vinnarresultat, Ørskogstemnet;

Junior: Marie Vangen, Stranda, 246.

Eldre rekrutt: Mads Gustav Rystad, Engesetdal/Skodje, 249. Rekrutt: Martine Sve, Stranda, 248.

V65: Knut Riise, Hovdebygda/Ørsta, 247.

V73: Harald Reiten, Aalesund 248.

Gylsmyrstemnet;

V55: Andreas Solvik, Hornindal og Markane, 247.

V65: Odd M. Sæterøy, Nesjestranda/Skaala, 248.

V73: Ove Fylling, Engesetdal/Skodje 249.

Junior: Sindre Sjåstad Henriksen, Engesetdal/Skodje 248.

Eldre rekrutt: Ronja Hammervold, Eidsvåg, 250.

Rekrutt: Martine Sve, Stranda 249 poeng.