For senior-NM innandørs er i 2017 lagt til Ulsteinvik, med alltid driftige Dimna IL som arrangør.

– Vi legg ut 600 billettar for sal til publikum. Totalt vil det vere plass til kring 1300 sidan vi set opp nokre ekstra tribuneplassar i høve NM. Utanom dei 600 til publikum treng vi resten til utøvarar, trenarar, støtteapparat og våre eigne funksjonærar, fortel Trond Berg i Dimna IL. Han er hovudleiar for noregsmeisterskapen.

Stor interesse

– Eg merkar at interessa er stor. Sist veke fekk eg sjølv ti epostar frå folk som lurte på når det vart mogeleg å kjøpe billettar, seier Berg vidare.

NM-billettane kan kjøpast gjennom Ulstein kommune si heimeside «Sjøborg».

– Vi reknar med mellom 100–150 funksjonærar. Responsen for å vere frivillig er gledeleg stor. Det er godt å sjå at medlemmar frå andre klubbar i Ulsteinvik også tilbyr seg å hjelpe til, både frå Hødd og sykkelklubben til dømes, seier Trond Berg.

NM for senior vil ha rundt 4–500 aktive utøvarar, og mange av stjernene er venta til Ulsteinhallen; som brørne Henrik og Filip Ingebrigtsen samt Ezinne Okparaebo.

Lokal stjerne

Men den største stjerna stiller i arrangørklubben si grøne drakt; 20-åringen Karsten Warholm.

Det vil berre koste ein hundrelapp å komme inn for å sjå Warholm og den andre noregseliten.

– 14. og 15. januar skal vi ha eit ope krinsmeisterskap for å teste staben vår av funksjonærar, seier Trond Berg i Dimna Idrettslag.