Tirsdag vart det kjend at 27-åringen har skrive under på ei ny ettårskontrakt med Hødd.

– Vegard er framleis ung og har mykje fotball i seg. Med ein god vinter blir han ein viktig mann i 2017. Ein viktig kontunitetsbærar å ha med vidare, seier trenar Sindre Eid.

Gler seg

No gler han seg til å slå tilbake under leiing av Sindre Eid.

– Det at Sindre no er tilbake eg veldig glad for. Med Sindre som hovudtrenar veit vi kva vi får og kva han forventar av oss, seier Vegard Heltne.