Fem av desse held framleis junioralder, under 19 år. Det var likevel meir rutinerte Brattvåg som styrte det meste av banespelet og vann fortjent 1-2 på Høddvoll.

– Vi fekk nokre svar i dag også, men det var ein dårlig fotballkamp med dårlig tempo og få målsjansar, sa Hødd-trenar Sindre Eid etter kampslutt.

Han synest juniorane på laget klarte seg godt, sjølv om det kanskje vart mange tenåringar på bana samstundes denne gongen.

– Vann fortent

Karl Oskar Fjørtoft var tilbake på Høddvoll som trenar for Brattvåg i treningskampen mot Hødd. Foto: Magne Krumsvik

– Vi vann fortjent og var det beste laget. Vi sprang mest framover og hadde mest ball, så vi er veldig godt fornøgde med dagens kamp, sa Brattvåg sin trenar Karl Oskar Fjørtoft.

Han er klar over at Hødd stilte med mange juniorar i denne treningskampen, men synest uansett det er sterkt å vinne på Høddvoll.

Scoring

200 tilskodarar møtte opp på stadion denne kalde februarkvelden. Dei kunne sjå at Scott Fellows gav Brattvåg leiinga alt etter halvannan minutt. Scoringa kom etter slapp markering på bakerste stolpe, etter innlegg frå høgre.

Junior utlikna

Håkon Brautaset, ein av juniorane som fekk starte kampen for Hødd, klarte likevel, på kunstnarleg vis, å utlikne til 1-1 etter 38 minutt. Robin Shroot stod for forarbeidet til scoringa.

Klinka til

2. omgang starta som den første omgangen tok til. Brattvåg styrte det meste av banespelet, medan Hødd låg djupt i bana og satsa på kontringar. Etter knappe timen kom gjestane i fleirtal mot Hødd sitt mål, og nykomaren Emil Dahle scora på ein vakker lobb over ein utrusande målvakt Jan Lennart Urke.

Innbyttar Didrik Sereba fekk ein stor sjanse for Hødd då han kom åleine mot Henrik Hansen i Brattvågmålet kvarteret før kampslutt.

Ein utrusande Hansen vann imidlertid duellen greitt. Like før slutt klinka Magnus Myklebust til frå tolv meter. Skotet strauk imidlertid vinkelen på feil side.