Se video: Så fort går det når bordtennis-eliten spiller!

Mot trondheimslaget Vikåsen var det lenge jamt, men på stillinga 5-4 var heimelaget i angrepsposisjon. Den spennande lagkampen toppa seg med duell mellom Volda & Ørstas Zappga mot hallens yngste, 14 år gamle Christopher Chen. Den vann Zappga kontrollert 3-0 i sett ,og totalt vart det heimesiger med 6-4.

Kampen mot Molde vart eit jamt fylkesoppgjer med stillinga 1-1, 2-2 også vidare, heilt til 5-5 og uavgjort var eit faktum.

– Det yngste laget nokon sinne

Volda & Ørsta var som serieleiar allereie sikker på å få bli med i sluttspelet.  Trenar og sportsleg leiar i klubben, Tor Hallaråker, såg ein gylden sjanse til å gi sine yngste menn verdifull kamperfaring, og lot sine utanlandske profilar kvile.

– Dette var kanskje det yngste laget som nokon har spelt i Stiga-ligaen, seier trenaren entusiastisk.

Fredrik Meringdal og Andreas Dagsloth er 99-modellar. Nicholai Forsland Zappga vart født i tusenårsjubileet, medan yngstemann, 15-åringen Sigurd Tjalveson Sørheim er enda et år yngre.

Sparar pengar og profilar til sluttspelet

Før dei to oppgjera i Voldahallen laurdag, leia heimelaget med tre poeng over bergenslaget Laksevåg i eliteserien, rett nok med to kampar mindre spelt. Hallaråker sett favorittstempelet  på Laksevåg. Dei har nemleg ikkje toppa laget enda i år. Grunnen er økonomisk.

Trenaren er sikker på at Laksevåg kjem til å stille med eit knallsterkt lag i dei avgjerande kampane. Like fullt er også Volda ein av favorittane på papiret, som tittelforsvarar, serieleiar og med utkvilte profilar.